Nytt kurstilbod for vaksne
Ørsta Symjeklubb startar opp eit nytt kurstilbod tysdagar frå klokka 20.00-21.00.
Kurset startar 10.03.15 og går 10 tysdagar framover. Kurset er basert på metodikken til Norges Symjeforbund og inngår i Norges Svømmeskole.
Vi legg opp til to grupper på same tid i bassenget: ei for vaksne nybyrjarar som treng grunnleggjande opplæring, og ei gruppe for vaksne som ynskjer å forbetre teknikken sin.
Instruktørar på kurset er Jeanett Nekkøy og Monica Nesset. Ved spørsmål, kontakt Jeanett Nekkøy på telefon 95 20 39 91 eller på e-post: Spørsmål om symjekurs.
Nybyrjaropplæring
I nybyrjaropplæringa fokuserer vi på at du skal bli trygg i vatnet, lære deg å flyte og at du skal lære deg grunnleggjande symjeteknikk. Vi startar med crawl- og ryggsymjing sidan det er dei enklaste symjeartane å lære for nybyrjarar.
Teknikk-kurs
På teknikk-delen av kurset føreset vi at du er trygg i vatn og kan grunnleggjande symjeteknikk. Vi kan hjelpe deg med å forbetre teknikken i alle symjeartane – alt etter kva du ynskjer. Forbetra symjeteknikk aukar gleda av å vere i vatnet og ein vert ein meir effektiv symjar. Teknikk-kurs er nyttig for mosjonisten såvel som deg som driv med td. triathlon eller deg som har tenkt å ta opptaksprøve (td politiet/militæret) som stiller krav til symjeferdigheiter.
Livberging
Symjing er ein livbergande ferdigheit som gjer det mogleg å redde deg sjølv eller andre som hamnar i vatnet. Det blir ein liten gjennomgang av redning i vatn på slutten av kurset der vi øver praktisk i vatnet på ilandføring og ulike teknikkar for å få ein bevisstlaus person ut av vatnet. Dette er kunnskap vi vonar du ikkje får bruk for – men som kan vere avgjerande å kunne om uhellet er ute.
Påmelding
Påmelding skjer gjennom portalen tryggivann: Meld deg på kurs