Premiedryss på klubbmeisterskapen 2016
Heile 25 symjarar var i sving i Ørstabassenget Torsdag 12. mai på sesongavslutninga til klubben.
På kanten sto engasjerte foreldre, sysken og medsymjarar som gjorde ein god innsats med å heie deltakarane fram. Deltakarane varierte i alder frå 7 til 17 år og representerte godt breidda i klubben.
I år hadde me invitert med borna som har fullført Selungen-merket på symjekurs hjå oss i løpet av våren for å gje dei ein liten smak på korleis det er å vere med på symjestemne. Borna frå kurs har nett lært seg å stupe og symje crawl og rygg, så det var veldig kjekt å sjå kor flinke dei var alle saman!
Emma Blazevic Bjørneset sumde både 25 fri og fri-stafett, Pia Flatjord Tofteland deltok i 25 fri og 25 bryst og Anders Korsfur sumde 25 fri. Alle tre gjorde ein flott innsats og heldt fylgje med rekruttane som til vanleg trenar i klubben, så det lovar godt for dyktige symjarar i framtida!
Det var flust i nye personlege rekordar på stemnet, så det er tydeleg at øving gjer meister!
Sador Mikael Tesfay forbetra rekorden sin på 50 fri med 14 sekund, og Andrè Arntsen slo seg sjølv med 13 sekund på same distanse. Stine Gjengedal Sætre viste oss korleis fin brystsymjing skal sjå ut og forbetra tida si på 100 meter bryst med heile 12 sekund. Hallvard Gramshaug Fonseca ga full gass på 25 meter fri, der han sumde heile 19 sekund raskare enn sist!
No var det ikkje berre dei ovanfor nemnde som symde inn til nye rekordar, men med så mange deltakarar kan ein ikkje ramse opp kvar og ein. Me fekk sjå mykje fin symjing, og dei aller fleste sette både små og store personlege rekordar – all grunn til å vere stolt av eigen innsats. Me er imponerte!
For dei som vil sjekke tidene sine finst resultata på denne sida: Resultatlister
Stemnet vart runda av med 4×25 meter stafett, og med 5 lag med 4 personar kvar som symde mot kvarandre vart det full action i bassenget. For å jamne ut laga blanda me små og store på same lag, og både symjarar og publikum koste seg og heia av full hals fram til alle var ferdige.
Då symjinga var unnagjort vart medaljar delte ut til deltakarane. Alle fekk sjølvsagt gullmedalje for fremragande innsats. 🙂 Slageren med bollar, brus, saft og kaffi vart servert etter stemnet, og det var tydeleg at ein blir svolten av å symje om kapp, det gjekk nemleg med over 100 bollar!
Takk til alle som møtte opp og var med på å gjere dette til ei kjempekjekk sesongavslutning for både store og små!
Premieutdeling
Alle som symde på stemnet fekk medalje for innsatsen og det var mange store smil å sjå i symjehallen. På klubbmeisterskapet slår me litt ekstra på stortromma når det gjeld utdeling av premiar og merksemder etter sesongen.
Beste oppmøte på trening
I år som tidlegare år vart det utdeling av gåvekort på kinoen à 300 kroner til dei som har vore flinkast å møte på trening frå kvart parti gjennom heile sesongen:
A-parti: Nicholine Nesset (43 treningar)
B-Parti: Martin Skjåstad Nesset (45 treningar)
C-Parti: Ina Røe Natås (42 treningar)
D-Parti: Torkel Liaklev-Sørheim (26 treningar)
E-Parti: Arild Berge (24 treningar) og Jonas Blomvik Opsal (24 treningar)
Sesongens klubbmeistrar
Det var syskenparet Nicholine og Martin som stakk av med premien for klubbmeister jente og gut dette året, begge på distansen 100 meter medley. Klubbmeistrane vert kåra ut i frå høgst oppnådde poengsum i enkeltdistanse i løpet av heile stemnet.
Nicholine Nesset, fødd 2002, tid: 1.28,00, poeng: 267
Martin Skjåstad Nesset, fødd 2004, tid: 1.49,22, poeng 139
Gratulerer så mykje med flott innsats!

To stykk fornøgde klubbmeistrar!
Årspokalar
Kvar vår delar me også ut årspokalar, alt etter kor lengje symjaren har vore medlem i klubben. Denne gongen var det utdeling av både 3, 5 og 7 år.
3-årspokal
Maja, Claudia, Martin, Nicholine, Andrè og Sador.
5-årspokal
Stine og Sigrid.
7-årspokal
Victoria.
Ørsta Symjeklubb ynskjer alle ein god sommar
No står sommaren for døra, og bassenget vert tømt i løpet av helga. Me vonar alle får ein fin og trygg sommar med mykje sol og bading, og at ingen får bruk for livbergingskunnskapen me har øvd på med symjarane dei siste vekene på trening.
Takk for ei veldig kjekk avslutning på symjesesongen alle saman, så sjåast me att til hausten! 🙂