VIKTIG BESKJED!

Ettersom vi ikkje har fått trenarkabalen til å gå opp, så må vi dessverre utsetje oppstart av symjetreningar og symjekurs…foreløpig på ubestemt tid. Vi beklager dette. Helsing styret.

Symjekurs

Då er symjekurs/trygg-i-vann-kurs klare for påmelding. Du kan gå inn på tryggivann.no og søke opp kurs i Ørsta. Der vil du finne alle dei 5 tilgjengelege kursa (fire ulike nivå: kval, skilpadde, pingvin,selungen). Kursoppstart er onsdag 01.09 og onsdag 02.09. Stad: Ørsta Symjehall ved Ørsta Ungdomsskule. https://www.tryggivann.no/

Oppstart symjetrening

Då er vi snart klare for oppstart av symjetrening igjen. I år opnar bassenget ved skulestart og vi tek derfor til med trening allereie neste veke. I år som i fjor velger de sjølv kor mange treningar i veka barnet ditt/borna dine vil/kan delta på. Dersom de ikkje har fått beskjed om noko anna på    […]

Oppstart symjetrening etter vinterferien

Ørsta Symjehall er planlagd å opne igjen 15.02.21. Vi ventar med å starte oppatt med symjetreningar til etter vinterferien, og første treningsdag blir mandag 01.03.21. Treningane held fram heilt til sommarferien startar. Vi vil sende ut på e-post eller sms oversikt over kva parti kvart av medlemmene høyrer til. Under her finn de ei oversikt    […]

Utsett opning av symjebassenget

Midt i våre førebuingar til kurs- og sesongoppstart fekk vi i dag, 10.09.20, e-post frå Ørsta Kommune om at symjehallen ikkje kan opne som planlagt den 14.09.20. Årsaka er noko samansett, men hovudårsaka er det ved klargjering av bassenget vart oppdaga omfattande skadar. Ørsta Kommune vil snarleg søkje ekstern bistand i det vidare arbeidet og    […]

Hausttreff

HAUSTTREFF Ørsta symjeklubb inviterer alla kursdeltakarar og medlemmar med sysken og foreldre til HAUSTTREFF Tid: Søndag 17 november klokka 13-15 Stad: Symjehallen i Ørsta Det vert frileik i bassenget. Vi serverer boller, juice og kaffi på bassengkanten. VELL MØTT TIL EI HYGGELEG STUND I LAG 🙂 Helsing Styret i Ørsta symjeklubb

Informasjon til nye medlemmer

Vi ynskjer nye medlemmer velkommen til klubben. Når symjarar har fullført selungekurset, kan dei melde seg inn i Ørsta Symjeklubb. For å gjere dette kan dei møte på første trening tysdag 17. september 2019 kl 18.30-19.30 eller torsdag 19. september kl 17.00-18.00. Registreringsskjema får de utdelt på første trening. Dersom de ønsker å fylle ut    […]

Påmelding til symjekurs hausten 2019

Det er no åpna for påmelding til våre symjekurs.   Påmelding skjer på tryggivann.no: Symjekurs på tryggivann.no Merk at det er berre kursa med kursstad Ørsta Symjehall som er i regi av Ørsta Symjeklubb.