Nokre av medlemmane har fått nye treningstider, informasjon om det er sendt ut på mail. Er det noko du lurer på angåande det, eller dei nye treningstidene ikkje passar – ta kontakt med Jeanett på epost.
Som ein kickoff på hausten inviterer me til Voldatrening der føresette og sysken er velkomne til å delta på fribanding siste timen etter trening. Klikk her for invitasjon.
I løpet av hausten vert det moglegheit for å delta på fleire symjestemner og internt klubbstemne. Me vonar på like bra oppslutning som i fjor, å delta på symjestemner er veldig kjekt å sosialt for borna. Det vert også moglegheit for å ta ulike distansemerker i løpet av hausten.
Også i år premierer vi den på kvart parti som har hatt best oppmøte gjennom heile sesongen, så det kan løne seg å vere flink å møte på trening så ofte ein kan.
Her er nokre lenkjer til informasjon som kan vere nyttig for både nye og gamle medlemmar:
Informasjon til medlemmane
Oversikt over treningstider
Terminliste – sjå kva me har planlagt denne sesongen
Oversikt over trenarar
Oversikt over styret
Påmelding til symjekurs