Vårens kurs for born er lagt ut på tryggivann

No er vårens kurs lagt ut på tryggivann. Me arrangerer alle nivåa frå vannmerket til selungenmerket.

Det vert arrangert som intensivkurs med kurstimar tysdagar og torsdagar i fire veker. Oppstart vert tysdag 17. April og kvar kurstime er på 45 minutt.

Etter endt kurs får alle deltakarar utdelt diplom og merke frå kurset bornet har delteke på.

 

Meir informasjon om kurs

Vil du lese meir om kursa våre så har me mykje informasjon her på sida om dei ulike nivåa.

http://orstasymjeklubb.no/aktivitetstilbod/symjekurs

 

Påmelding

Påmelding skjer via webportalen Tryggivann. Betaling skjer med kort ved påmelding.

 

About the Author -