Midt i våre førebuingar til kurs- og sesongoppstart fekk vi i dag, 10.09.20, e-post frå Ørsta Kommune om at symjehallen ikkje kan opne som planlagt den 14.09.20.

Årsaka er noko samansett, men hovudårsaka er det ved klargjering av bassenget vart oppdaga omfattande skadar. Ørsta Kommune vil snarleg søkje ekstern bistand i det vidare arbeidet og naudsynte tiltak, der hovudfokus vil vere tryggleik i symjebassenget for både brukarane og dei tilsette. Dette er ordlyden i delar av e-posten frå Ørsta Kommune.

Styret i ØSK har ikkje så mykje meir informasjon om tilstanden til symjehallen enn dette og det er difor svært vanskeleg for oss å seie noko meir om veien vidare akkurat no. Vidare informasjon vil kome så snart vi får nærare beskjed frå Ørsta Kommune.

Kva vil dette medføre?

  • For medlemmane vil det seie, i beste fall, forseinka oppstart av sesongen.
  • For kursdeltakarane vil det bli utsett kursoppstart. Om det ikkje let seg gjere å få til ein kursstart innan forholdsvis kort tid, vil pengane som er innbetalt via Trygg-ivann-systemet bli refundert i si heilheit.
  • For dei av dykk som er sett opp på billettvakter, kan de sjå vekk frå dette til de mottek ny beskjed.

Vi vil halde alle saman underretta med meir informasjon så fort dette let seg gjere. Så følg med i lokalavisa, våre Facebook-sider og heimesida vår for oppdateringar.

Styret i ØSK beklager dette på det sterkaste for alle innvolverte. At symjebassenget no må halde stengt vidare ut over det planlagde, understrekar også viktigheita av det styret i Ørsta Symjeklubb har kjempa for i ei årrekkje; nemleg nytt symjeanlegg i Ørsta. Vårt kortsiktige mål no er å snarleg kome i gong med symjekurs og treningar under trygge forhold.

MVH Ørsta Symheklubb, styret

About the Author -