Ørsta Symjeklubb har blitt med i Norges Svømmeskole og held kurs etter deira metodikk og progresjon. I samband med det har vi starta å bruke portalen Tryggivann for påmelding og venteliste til symjekursa våre.

gledeutsnitt

Nybyrjarkurs for born

Vi kjem til å setje opp alle NSF sine nybyrjarkurs denne våren: Vannmerket, Hvalmerket, Skilpaddemerket, Pingvinmerket og Selungenmerket. Desse kursa dekkjer eit vidt spenn av nivå, heilt frå dei som er redde for vatn og så vidt tør seg uti, til dei som har byrja med sine fyrste symjetak og treng veiledning med det.

Dei ulike kurstrinna fokuserer på ulike kjerneferdigheiter som må vere på plass for at ein lett skal kunne lære seg å symje: tryggheit i vatn, tryggheit og evne til å orientere seg under vatn, flyting på mage og rygg, gli på mage og rygg, symjing på mage og rygg og hopping og stuping. Du kan lese meir inngåande informasjon om dei ulike kurstrinna våre på sida for nybyrjaropplæring for born.

 

feature2

 

Symjeopplæringskurs for vaksne

Nytt av året er at vi også skal starte opp symjekurs for vaksne. Vi kjem til å ha både nybyrjaropplæring for dei som ikkje kan å symje, og teknikk-kurs for dei som kan å symje og er trygge i vatnet men treng veiledning for å kome vidare med symjeteknikken sin.

På nybyrjarkursa kjem vi til å fokusere på mykje av det same som på kursa for born, men retta mot eit vaksent publikum. Fokus er på å skape tryggheit i vatnet og å lære enkel symjeteknikk.

På teknikk-kursa kjem vi til å leggje opp opplegget etter kva den enkelte ynskjer å bli betre på, og vi kan gi opplæring i alle dei fire symjeartane crawl, rygg, bryst og butterfly. Forbetring av teknikk gjer deg til ein mykje meir effektiv symjar og bidreg til større glede av symjinga.

 

Påmelding

For meir informasjon om påmelding og brukarveiledningar for korleis melde deg på kurs gjennom Tryggivann, kan du sjå sida vår om symjeopplæringskurs.

 

Ved spørsmål angåande symjekurs, ta kontakt på e-post: Send mail

 

About the Author -