Rekruttane på tur

Laurdag 18. April deltok ein bra gjeng frå Ørsta Symjeklubb på Jugendsvøm i Ålesund. Symjarane som deltok frå Ørsta Symjeklubb var Ina, Claudia, Sigrid, Stine, Ådne, Maja og Eli-Marie. Vi stilte også med stafettlag.

Dei sju symjarane som deltok hadde ein super innsats og det vart sett fleire personlege rekordar. Dagen vart avslutta med at heile gjengen med symjarar og familie koste seg med pizza etter stemnet. God stemning!

DSC_0473liten

Blid gjeng etter stemnet. Fv.: Stine, Claudia, Ådne, Sigrid, Maja

DSC_0472liten

Fornøgde jenter etter god innsats på stemne! Fv.: Ina, Eli-Marie.

Resultatliste

Resultatlista finn du her: Resultatliste Jugendsvøm 2015. Vi har dessverre ikkje tidene på 25-meters distansane sidan dei ikkje vert registrert av det automatiske tidtakarsystemet. Lista over personlege rekordar er også oppdatert etter stemnet: Personlege rekordar.

Dette var siste stemnet vi deltek på før sommaren, så no er det berre å byrje å gle seg til hausten og nye symjestemne!

About the Author -