Ein fin gjeng på 7 symjarar representerte Ørsta Symjeklubb under helgas Taremaresvøm i Brattvåg. Til saman deltok 160 symjarar på stemnet.

Ørsta Symjeklubb sine yngste symjarar deltok under rekruttstemnet og fekk prøve seg på øvingar som 50m fri, 25m rygg og 50m bryst, samt stafett. Sador Tesfay var med på stemne utanfor Ørsta for fyrste gong og var ekstra spent før start. Innsatsen var flott og han sumde inn til tida 1.31.48. på 50m fri. Dei andre fire rekruttane har etter kvart vore på mange stemne og var mest oppteken av om tida heldt til ny personleg rekord. Det gjorde den på mange av øvingane! Andre Arntsen forbetra tida si på 50m fri med heile 8 sekund då han sumde inn på 1.07.08, medan Ådne Sætre persa med 3 sekund på 25 rygg og fekk ei god tid på 26.55. Jentene våre på rekruttstemnet var Ina Røe Natås og Eli-Marie Lannerholm.  Ina fekk ny bestetid på 50m fri med tida 1.14.42. medan Eli Marie hadde ei sterk 2.etappe på 4x25m fri stafett.

Dei siste åra har symjeklubben berre hatt to symjarar som har stilt på stemner i open klasse, Victoria Engeset og Nicholine Nesset. Dei kunne ikkje vere med no i helga, men får no etterkvart selskap av ein gjeng symjarar som er vorten gamle nok til å gå over i open klasse. To av dei deltok på stemnet i Brattvåg i helga, Claudia Pocora og Sigrid Sætre. Dei har mykje stemneerfaring, men begge to var ekstra nervøse då dei stilte til start i open klasse for første gong. I open klasse er det litt meir alvor, mellom anna vert symjarane vurdert av dommarar. Største spenningsmomentet for jentene var om dei verkeleg kom til å gjere alle start- og vendingar rett slik at dei ikkje vart diskvalifisert for noko! Ingen vart diska, og tvert imot viste begge to solide prestasjonar.  Etter kvart som nervøsiteten la seg vart det veldig kjekt å stille i open klasse! Claudia hadde ei sterk forbetring av tida si på 50m rygg, der ho persa med 11 sekund og sumde inn til tida 57.67. I tillegg sumde ho 100m fri og 100m bryst, alle til nye bestetider. Sigrid Sætre forbetra tidene sine både på 50m rygg og 100m medley. På 100m bryst vart det ekstra spennande då tida hennar på 2.07.88. akkurat heldt til ein flott 2.plass og ho veldig glad kunne hente med seg ein fin sølvmedalje før symjarane returnerte til Ørsta. Ein god start for Ørsta Symjeklubb på vårsesongen!DSC_1311 – Kopi

About the Author -