I helga 10.-11. Januar deltok 9 rekruttar frå klubben på Taremaresvøm. Dei lite lovande vêrmeldingane om ekstremvêret Nina stogga ikkje Ørstingane frå å ta turen til Brattvåg symjehall, og bra var det, for der venta det nye personlege rekordar for fleire av symjarane.

DSC_0299

Taremaresvøm 2015

 

Laurdag

Simen Vatne Haram var einaste deltakar frå ØSK laurdag, og han deltok i alle øvingane for rekrutt denne dagen. Han forbetra bestetida si på 25 meter butterfly med heile 5 sekund, noko som er veldig bra på ein så kort distanse. Brystsymjinga har han også god kontroll på, og han viste at han har god kontroll på vendinga, noko som er veldig viktig når ein tenkjer litt framover mot å delta i open klasse.

7d

Ein fornøgd Simen etter dagens innsats!

 

Søndag

Søndag var resten av gjengen tilstades: Claudia, Maja, Ina, Sigrid, Eli-Marie, Ådne, Peter og Sigbjørn.

Claudia hadde eit mål om å symje 50 meter fri på under eit minutt, og det klarte ho til gangs! Det vart heile 5 sekund pers på denne distansen. Ho persa også med 1 sekund på 25 meter bryst.

Peter og Sigbjørn ga på alt dei hadde på distansane sine. Spesielt 50 meter er tungt å kome gjennom når ein ikkje er van med å symje så langt i gongen, men dei klarte det heilt fint begge to.

Ådne persa med 3 sekund i 25 meter rygg og hadde kjempefin innsats på stemnet. Sigrid persa med 1 sekund på 25 bryst og 2 sekund på 50 fri. Kjempeflott innsats! Som på julelauget hadde ho flotte startstup, noko som gir ein god start på distansane.

Maja persa med 0,6 sekund på 50 fri og held seg med det stabilt under minuttet på denne distansen. Ho var litt nervøs før start på grunn av ryggvendinga på 50 rygg, men etter litt øving i oppvarminga på korleis ein brukar vendeflagga hadde ho perfekt timing på vendinga si når ho symde. Det er imponerande med tanke på at ryggvendinga er ei av dei vanskelegaste å få til riktig.

Ina og Eli-Marie deltok for fyrste gong på symjestemne i 25 meters basseng og var spente før start. Begge to klarte seg kjempefint! Eli-Marie var full i energi, gledde seg til å symje men også til å vere ferdig slik ho fekk ete kake. Ina er flink i brystsymjinga og symde inn til ei bra tid på 25 bryst. Stupinga klarte ho kjempefint sjølv om ho var litt spent på korleis det skulle gå under oppvarminga.

Alle symjarane fekk medalje og Taremaresvøm-tskjorte som deltakarpremie. Det er stas å få med seg heim noko anna enn medaljar og.

 

Resultatliste Taremaresvøm

Namn Fødd 25 m fri 25 m butterfly 50 m bryst 100 m fri 25 m rygg 25 m bryst 50 m rygg 50 m fri
Eli-Marie Lannerholm  2007 43,43 44,72
Ina Røe Natås 2007  37,44
Laura Claudia Pocora 2003  28,37 55,14
Maja Røe Natås 2004  1.00,16 59,17
Peter Garden 2006  1.03,67  58,61  1.39,40
Sigbjørn Fonesca 2006  36,40  1.20,73  1.26,16
Sigrid Sætre 2004 29,49 1.13,69 1.01,87
Simen Vatne Haram 2005  21,51  26,06  54,72  2.02,52
Ådne Sætre  2006  31,60 37,47 1.17,20 1.22,98

 

About the Author -