Heisann og hoppsann

Den 20.november vert det søndagstrening frå  kl 12.00-15.00.

Då passar det perfekt å øve seg til Julelauget, som er den 3.-4.desember.

Trenerane har laga eit treningsprogram som er tilpassa dei ulike nivåa i klubben, der mestring står i fokus, slik at alle skal få ein kjekk dag i symjebassenget.

 

Halvvegs i treninga tar vi ei god matpause i samlet tropp, før vi tar siste del av treninga.

Når treninga er ferdig er det fribading, treninga er ferdig ca kl. 14.00
Da kan ein hoppe frå stupetårnet, dykke etter ringar og lignende.
Her får foreldre og syskjen delta. Dersom ein har med syskjen som ikkje kan å symje sjølve må føresette sjølve vere med i vatnet å passe på desse. Husk å kryss av på påmeldinga, slik at vi får åpna dørene.

Symjarane må ha med
2 handukar (ein i symjehallen og ein i dusjen)
badekle
overtrekkskle til å ha på i symjehall kan vere kjekt å ha når en skal ete mat
Badehette og  symjebriller
Ein god matpakke med mat som mettar godt
Drikkeflaske

Påmelding i skjemaet under :

 

About the Author -