Rekruttane med god innsats på Eid

hauststemne1

Laurdag 31.10 deltok rekruttane frå Ørsta symjeklubb på hauststemne på Eid. Mange nye var med på stemne for fyrste gong denne helga og var litt spente på korleis det skulle bli. Heile ni symjarar var med frå klubben. Me fekk låne minibussen til Sparebank1, som gjorde at me fekk ein triveleg og sosial tur til og frå – tidvis akkompagnert med allsong frå rampen på bakerste rad.

Dei fleste var med på 2-3 øvingar, og av dei som har vore med på stemne tidlegare vart det solide nye personlege rekordar på alle. Ådne imponerte stort mellom anna på 50 meter rygg der han persa med heile 12 sekund! Også storesyster Sigrid ga alt i bassenget – på distansen 25 meter rygg hadde ho så god fart at det enda med kræsj i bassengkanten ved målgang, men når kræsjen enda med ny pers på 5 sekund kan ein ikkje klage.

Sondre forbetra bestetida si på 25 meter bryst med gode 4,5 sekund – der mykje var vunne på grunn av eit veldig bra og effektivt startstup, noko han verkeleg har fått teken på. Andrè persa godt med 3 sekund på 25m bryst og symde inn på gode tider i dei nye øvingane han deltok i på stemnet.

Dei som deltok for fyrste gong på stemne fekk oppleve at det er ikkje så skummelt å delta i konkurransar allikevel. Tilde og Torkel imponerte oss med flotte startstup – eit resultat av mykje øving og eigeninnsats i ferien. Sunniva symde inn til gode tider i alle øvingane ho deltok i, og symde faktisk fortare 50 fri i stafettetappen enn individuellt! Kjempebra innsats for laget.

Klubben stilte med to stafettlag denne dagen, noko som ikkje har skjedd før i underteikna si tid i klubben. Laget med dei eldste symde inn til ein 2. plass – ikkje verst når 3 av 4 på laget ikkje har delteke i stafett før! Bra innsats av Sigrid, Sunniva, Ola og Mats. Dei yngste rekruttane ville også delta med eige lag, og heile gjengen tok ut dei siste kreftene og symde som best dei kunne til ivrig heiing frå heiagjengen på kanten. Flott innsats av Tilde, Ådne, Andrè og Sondre!

Tusen takk for ein kjekk tur på stemne i lag med symjarar, foreldre og sysken, me vonar på like bra deltaking på stemnet i Brattvåg om to veker.

Sjå artikkel i Møre-Nytt om stemnet: God innsats av rekruttane

About the Author -