Søndag 23.oktober kl 12.00-15.00 arrangerer klubben trening i Voldabassenget.

Her får symjerane øve på å symje i eit 25meters-basseng, noko som kan vere både skummelt å spennade for dei som ikkje har prøvd før.

Trenerane har laga eit treningsprogram som er tilpassa dei ulike nivåa i klubben, slik at alle skal få ein kjekk dag i symjebassenget.

 

Halvegs i treninga tar vi ei god matpause i samlet tropp, før vi tar siste del av treninga.

Når treninga er ferdig er det fribading, treninga er ferdig ca kl. 14.00
Da kan ein hoppe frå stupetårnet, dykke etter ringar og lignende.
Her får foreldre og syskjen delta. Dersom ein har med syskjen som ikkje kan å symje sjølve må føresette sjølve vere med i vatnet å passe på desse.

Symjarane må ha med
2 handukar (ein i symjehallen og ein i dusjen)
badekle
overtrekkskle til å ha på i symjehall kan vere kjekt å ha
badehette og evt. symjebriller
Ein god matpakke med mat som mettar godt
Drikkeflaske

Meld deg/dine på her:

 

About the Author -