svømmeklubb_blå_png

 

Vi skal auke kurstilbodet vårt og treng i den forbindelse fleire trenarar og hjelpetrenarar .

Det er fint om du har relevant erfaring frå tidlegare, men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt.

Klubben dekkjer instruktørkurs mot at du arbeider for oss i eit år.

Symjesesongen går frå 15. september til 15. mai, med fri i alle skuleferiar.

Den vi søkjer:

Er over 18 år (hjelpetrenar over 15 år)
Likar å arbeide med born
Er trygg i vatn og ynskjer å drive med symjeopplæring

Vi kan tilby:

Årleg livbergingskurs og prøve
Instruktørutdanning
Kjekt og variert arbeid

Deltaking på instruktørkurs og årleg livbergingsprøve er ein føresetnad for å få jobb hos oss. Vi krev også framvising av politiattest utan merknader.

Dersom du har nokre spørsmål, ta kontakt med Jeanett Nekkøy på telefon 95 20 39 91 eller e-post hovudtrenar@orstasymjeklubb.no

Dersom dette kan vere noko for deg, send ein kort søknad til hovudtrenar Jeanett Nekkøy på e-post: hovudtrenar@orstasymjeklubb.no

About the Author -