Klubbmerke_øsk

Vi skal auke kurstilbodet vårt og treng i den forbindelse fleire trenarar/hjelpetrenarar som fast vikar med moglegheit for fast trenarstilling frå neste sesong.

Det er fint om du har relevant erfaring frå tidlegare, men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt.

Klubben dekkjer instruktørkurs mot at du arbeider for oss i eit år.

 

Den vi søkjer:

Er over 18 år
Likar å arbeide med born
Er trygg i vatn og ynskjer å drive med symjeopplæring

 

Vi kan tilby:

Årleg livbergingskurs og prøve
Instruktørutdanning
Kjekt og variert arbeid

 

Deltaking på instruktørkurs og årleg livbergingsprøve er ein føresetnad for å få jobb hos oss. Vi krev også framvising av politiattest utan merknader.

 

Dersom du har nokre spørsmål, ta kontakt på telefon 95 20 39 91 eller e-post hovudtrenar@orstasymjeklubb.no

Dersom dette kan vere noko for deg, send ein kort søknad til hovudtrenar Jeanett Nekkøy på e-post: hovudtrenar@orstasymjeklubb.no

About the Author -