Då var den nye nettstaden til klubben på plass.

Det er ikkje alt innhaldet som er på plass enno, noko vil kome litt etter kvart.

Her finn du informasjon om organisasjonen, trenings- og kurstilbodet vårt, kven som er trenarar osb. Vi har også laga eigne sider for symjarane der vi kjem til å leggje ut resultatlister etter stemner, ulike øvingar for å forbetre teknikk, og anna innhald.

Du finn også informasjon om kva klubben har planlagt for den komande sesongen i terminlista, og i kalenderen kan du sjå når det er kurs, treningar, stemner, voldatreningar osb. Det har også kome inn ei side som beskriv dei ulike symjekursa for born som vi tilbyr.

Dersom du har innspel til noko du saknar på nettsida, sei i frå, så kan vi sjå om det er noko vi bør få på plass.

About the Author -

Leave A Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *