Målsetjing
Ørsta Symjeklubb skal drive breiddeopplæring i eit miljø prega av trivsel, meistring og glede – gjennom godt samarbeid med kompetente trenarar og tillitsvalde.
Om klubben
Ørsta Symjeklubb vart stifta i 1971.
Klubben har hatt tilhald i 12,5 meters-bassenget på Ørsta ungdomsskule sidan den tid,og realiteten no er at Ørsta symjeklubb har eit basseng som eignar seg best til opplæring.
Vi har håp om at ny symjehall vert inkludert i framtidige fleirbrukshall-planar i Ørsta kommune, og vil arbeide for å få til dette. Vi ynskjer å vere ein klubb for alle: nybyrjarar, born, vaksne, ungdom og konkurransesymjarar!