Krav om politiattest i Ørsta Symjeklubb

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordningaen trer i kraft 1. januar 2009.

 

I Ørsta Symjeklubb vert ordninga handtert på følgjande måte

Alle ansatte og frivillege som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal framskaffe politiattest.

 

Med venleg helsing
Styret i Ørsta Symjeklubb