utsnitt

Barneidrett i Ørsta Symjeklubb

Barneidrett er idrettsaktivitetar for born til og med det året dei fyller 12 år.
Born som driv med idrett gjer det fordi det er kjekt, og det er i borne- og ungdomsåra grunnlaget for gode aktivitetsvanar vert danna.
I Noreg er det over 500.000 born med på idrettsaktivitetar i regi av norsk idrett. Noreg har som det einaste landet i verda regulert barneidretten gjennom «Idrettens barnerettigheter» og «Bestemmelser om barneidrett». Les meir i heftet frå Noregs Idrettsforbund her: Idrettens barnerettigheiter

Barneidretten skal skje gjennom idrettens verdiar der idrettens barnerettigheiter dannar grunnlaget for eit allsidig og variert aktivitetstilbod for alle. Det er difor viktig at barneidretten er open og inkluderande, og gjev aøøe born ei oppleving av meistring, tryggleik og varig idrettsglede.

For å lese svar på ofte stilte spørsmål kan du sjå på denne sida: FAQ Barneidrett

 

Idrettens barnerettigheter

Idrettens barnerettigheiter set bornas behov i sentrum, og uttrykkjer dei verdiane som skal liggje til grunn for borneidretten i Noreg. Rettigheitene var fyrste gong vedteke på Idrettstinget i 2007, og baserar seg på FNs barnekonvensjon.

Idrettens barnerettigheiter gjeld for alle born, utan forskjellsbehandling og utan hensyn til bornet og dets foreldres kjønn, etniske bakgrunn, livssyn, seksuelle orientering, vekt/fysiske utviklin og funksjonshemming.

 

    1. Tryggleik
      Born har rett til å delta i eit trygt treningsmiljø, fritt for press og utnytting. Born under 6 år skal ha med seg en vaksen på aktivitetane. Skadar skal førebyggjast.
    2. Vennskap og trivsel
      Born har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for at dei skal utvikle vennskap og solidaritet.
    3. Meistring
      Born har rett til å oppleve meistring og lære mange ulike ferdigheiter. Dei skal også ha moglegheiter for variasjon, øving
      og samspel med andre.
    4. Påvirking
      Born har rett til å si sin mening og bli høyrde. Dei skal ha mogleghet til å vere med på planleggjing og gjennomføring av eigen idrettsaktivitet saman med trenarar og føresette.
    5. Fridom til å velgje
      Born har rett til å velge kva idrett, eller kor mange idrettar dei vil delta i. Dei bestemmer sjølve kor mykje dei vil trene.
    6. Konkurransar for alle
      Born har rett til å velgje om dei vil delta i konkurransar eller ikkje. Born som melder overgang frå ein klubb innan
      samme idrett skal ha full rett til å delta i konkurransar for ein ny klubb straks overgangen er registrert.
    7. På bornas premiss
      Born har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivitetar som er tilpassa deira alder, fysiske utvikling og modningsnivå.

Korleis etterlever me barnerettigheitene i Ørsta Symjeklubb?

I Ørsta Symjeklubb fokuserer me på å meistre og lære flest mogleg rørsler, utan press på å prestere i borneidretten. Me forventar same haldning frå føresette i klubben.

Klubben er bygd opp med stegvis progresjon, heilt frå nybyrjarane på kursnivå og vidare oppover i klubben heilt til A-parti.
Alder er ikkje styrande for kva parti borna får trene på sidan progresjonen er trinn for trinn frå eit treningsparti til eit anna med læringsmål for kva dei skal meistre etter eit år på partiet. Slik må det vere i individuell idrett sidan born har ulike føresetnader, har drive med idretten i ulik tid, meistrar ulike ferdigheiter og har ulike behov for utfordringar for å utvikle seg vidare.

På grunn av den trinnvise oppbygninga der ein startar innlæring av ulike ferdigheiter på ulike treningsparti må borna gjennom alle trinna for å lære å meistre alle ferdigheitene. Me brukar begrepet «treningsalder» i symjing for å bestemme kva parti bornet bør trene på. Det innebèr at born som er like gamle, kan høyre til på ulike treningsgrupper på grunnlag av kor lengje dei har drive med symjing og kva dei har lært frå før. Me har også langsiktig progresjon i klubben med auka treningstid frå parti til parti slik at tilbodet er ulikt avhengig av bornets treningsalder.

Korleis kan foreldre etterleve barnerettigheitene?

I Ørsta Symjeklubb ynskjer me engasjerte foreldre velkomen! Det er viktig at engasjementet er med å byggje opp under barnerettigheitene og klubbens verdiar elles. Olympiatoppens brosjyre med anbefalingar til foreldre finn du her: Hvordan være en god idrettsforelder

Kort oppsummering av dei 9 punkta som utgjer ein god idrettsforelder

  1. Gje borna dine informasjon og råd når det gjeld val av idrett. Du kan oppmuntre dei, men la borna sjølve ta den endelege avgjerda om dei ynskjer å delta eller ikkje og kva idrett dei ynskjer å delta i.
  2. Ved at du sjølv er fysisk aktiv kan du bli ein god rollemodell for dine born si deltaking i idrett.
  3. Det er viktig at du som forelder veit at born på same alder kan vere svært ulike med hensyn til modning.
  4. Legg vekt på idrettsglede og utvikling av vennskap.
  5. Gje ros når bornet ditt viser god innsats og ferdigheitsutvikling. -Hugs at bornet ditt deltek i idrett for å lære og for å meistre ferdigheiter. Unngå einsidig fokus på resultat i konkurransar.
  6. Legg merke til og applauder også når ditt borns lagkameratar eller motstandarar viser gode ferdigheiter. -Bidra til å skape gode relasjonar til dei andre foreldra. Vis respekt og ver høfleg, sjølv når det er kjensler involvert.
  7. Støtt trenaren og den jobben han/ho gjer. Gje ikkje tekniske instruksjonar under ein konkurranse. Dette kan virke forstyrrande for trenaren, og skape forvirring og usikkerheit blant utøvarane.
  8. Vis god sportsånd, respekter reglar, dommaravgjerdsler og arrangørens avgjerdsler i arrangement der dine born er med. Dette er viktig sjølv om du har andre oppfatningar eller er ueinig.
  9. Du kan bidra best ved å samarbeide med og støtte det idrettsmiljøet ditt born er med i.