Hei alle symjarar, foreldre og føresette!

 
Vi trenarane gled oss ekstra mykje til å sette i gong med årets sesong. Etter ei lang pause blir det godt å få symje att.

Denne sesongen gled vi oss ekstra mykje er fordi vi har brukt mykje tid og energi på å gjere litt om på trenar- og treningsmetodane. Vi skal mellom anna ha ei tettare oppfølging på kvar enkelt symjar, ved å ha meir fokus på kva kvar enkelt ynskjer å oppnå denne sesongen. Det kan vere alt i frå bli betre på crawl, forbetre glievne i bryst, auke kondisjonen, rett og slett møte på kvar trening osv. Målet skal ver noko som kvar enkelt symjar set sjølve.

 

Noko anna som vi skal prøve denne sesongen er at kvar trenar skal ha ansvar for eit parti. Tidligare har vi hatt kvar vår dag. Dette vil vi fortsatt ha, men treninga skal vere bestemt av den som er ansvarleg for partiet. Det fører til at vi får meir sammenheng mellom treningane til dei enkelte partia og eit meir variert treningsopplegg. Vi vil og ha meir testar og tidtakting på dei eldre for å sjå kor mykje dei forbetrar seg. Dette vonar vi skal motivere symjarane til å gi meir på treningane.

 

Showoff er eit nytt ord som vi skal ta inn i symjeklubben. Dei føresette er ofte nyskjerige på kva ungane driv med på trening og kor flinke dei er. Sidan vi har reglar mot å ha føresette i hallen under treningane, treng vi ein annen arene der symjarane får vise føresette kva dei har lært seg.  I løpet av sesongen vil vi ha nokre søndagstreningar i voldabassenget. Her vil vi legge opp ei showoff trening der symjarane får vise føresette kva dei er gode til.

 

Ein annen ting som er nytt, er overlapp. Vi skal på noken av partia ha 1,5 time med trening. For å få til dette må vi overlappe noken av partia. Det vil sei at til dømes C-partiet har  1 time trening åleine så kjem A-partiet og trenar i lag med dei i 30 min. Når dei 30 minutta er over er C-partiet ferdig og A-partiet får då 1 time trening åleine. Vi vil då få god trening i å symje i baner etterkvarander. Det andre som vi ynskjer å oppnå med dette er motivasjon. Vi ynskjer å motivere og engasjere kvar enkelt symjar til å ville drive med symjing i lang tid. Har ein då noken å sjå opp til eller nokon som ein kan føle seg som ei forbilde for vil det kanskje motivere til å fortsettje

 

Vi gled oss veldig til å kome i gong og vonar dei nye triksa skal gjer dette til enda ein god symjesesong. 

Vel møtt til trening alle symjarar!


Vi sjåast i bassenget!

About the Author -