Frå hausten 2019 har Ørsta symjeklubb fått ny hovudtrenar: Vidar Lee Opsal. Vidar har tidlegare vore symjar i Ørsta symjeklubb og har lang erfaring som symjetrenar i m.a. Fosnavåg symjeklubb. Vi ynskje han velkomen attende i klubben og ser fram til eit godt og langt samarbeid.
Han har fått med seg ein dyktig gjeng på laget: Eirik Gårdsvoll Vatne, Marie Eiksund, Nicholine Nesset Lystad, Martin Sjåstad Nesset, Stine Sætre, Sigrid Sætre.
Vi takker også avtroppande trenarar Katrine Østgaard og Ingeborg Engeset for ein flott innsats og eit godt samarbeid.