Hei alle saman!
Me går no inn i siste treningsveka denne sesongen, noko som betyr at det er tid for livbergingsveke!
Alle borna i klubben, frå dei minste til dei store skal få opplæring i sikker opptreden i/ved vatn, sjølvberging og livberging. No som det går mot sommar og badesesong er det greit å ha kunnskap om kva ein kan gjere om noko skulle gå gale.
«Hver nordmann en svømmer, hver svømmer en livredder».
Sel/Sjøløve, Delfin/Hai, Pingu (tidlegare E-, D- og C-parti)
Me skal prøve korleis det er å havne i vatnet med kle, og kjenne kor mykje tyngre det vert å bevege seg. Me skal også øve oss på å få av oss kleda medan me er i vatnet.
Me skal lære om sikker oppførsel i- og ved vatn, korleis ein skal varsle om uhellet skjer, samt korleis ein kan redde nokon utan å utsetje seg sjølv for fare. I tillegg skal me øve på H.E.L.P.-stillinga, som er ein flyteteknikk for kaldt vatn med redningsvest/flytevest. Vonar at dei som har vest tek med på trening slik at me får øvd på dette, sidan klubben ikkje har vestar sjølv.
Borna må ha med følgjande på trening:
- Langbeint bukse (joggebukse er fint)
- T-skjorte (gjerne litt vid så den er lettare å få av)
- Redningsvest/flytevest
Piraya (tidlegare B-parti)/A-parti
Dei eldste skal også øve på mykje av det same som dei yngste i klubben, men vil i tillegg få opplæring i HLR og meir avanserte ilandføringsteknikkar.
Symjarane må ha med følgjande på trening:
- Langbeint bukse (joggebukse er fint)
- T-skjorte/langerma genser (gjerne litt vid så den er lettare å få av)
Vonar på godt oppmøte denne siste veka av sesongen!