hauststemne4

Klubbmeisterskap og sesongavslutning

Hei alle saman! 🙂

Torsdag 12. Mai brakar det laust med sesongens klubbmeisterskap og sesongavslutning. Me har hatt ein sesong med stor aktivitet både på trening og kurs, mange flinke symjarar som har delteke på symjestemner gjennom året, og familie som har stått på kanten og heia dei fram. Klubbmeisterskapet er eit fint stemne å prøve seg på for dei som ikkje har vore på stemne før, og me tek det ikkje så høgtideleg. Ein treng ikkje å kunne symje 25 meter i strekk, må ein ha ei lita pause får ein lov til det, og ein kan halde seg i kant eller banetau om det trengs. Me tilrettelegg slik at dei minste symjarane får symje ved ein kant. Dersom ein ikkje har lyst å symje er ein allikevel velkomen for å vere med å sjå (og ete bollar og drikke brus), det viktigaste er at me skal ha det kjekt!

Nytt på klubbmeisterskapet

Denne gongen har me invitert med borna som har fullført Selunge-kurs i vår, for å vise litt kva me driv med i klubben. Kanskje er det nokon som finn ut at dei vil halde fram med symjinga? Dei er i alle fall hjerteleg velkomne til å byrje i klubben frå hausten av. 🙂

Nytt av året er at me har lagt til øvinga 50 meter medley for dei minste, og ein fri-stafett. På stafetten miksar me laga slik at det vert symjarar frå alle nivå på kvart lag, noko me trur kan verte kjekt for både store og små.

Me skal sjølvsagt også kåre årets klubbmeister jente og gut, dele ut premiar til dei som har vore flinkast å møte opp på trening og viktigast av alt – dele ut medaljar til alle som har delteke. Etter stemnet skal me kose oss med bollar, kaffi, saft, brus og bading for dei som ynskjer det.

Påmelding

Påmelding gjerast nedst på sida i skjemaet.  Fyll ut og kryss av dei øvingane bornet vil delta i, hugs å trykk på «Send» knappen. I botn ligg eit rekneark som syner innkomne påmeldingar (kan ta litt tid før det oppdaterer seg etter du har sendt inn).

Påmeldingsfrist: Onsdag 11. Mai klokka 18.00. Påmeldingar som ikkje er komne inn til den tid må ordnast på stemnet.

Innsymjing og stemnestart

Innsymjing og oppvarming frå klokka 17.30. Stemnet startar klokka 18.00.

Vell møtt til Klubbmeisterskap og sesongavslutning!

PÅMELDING

Innkomne påmeldingar

Følgj lenkja for å sjå påmeldingane: Påmeldingar 

About the Author -