KLUBBKLEDAG PÅ G-SPORT ONSDAG 15. FEBRUAR 2017!

Ørsta Symjeklubb har klubbavtale med g-sport og Umbro. Vi får 25% rabatt på bukse, t-skjorte og genser. I år skal også shorts inkluderast i sortimentet (er ikkje med på vedlegg, men de finn den i butikk). Kleda er av god kvalitet og skal tåle mykje bruk, og med ein god pris håper vi at mange av medlemmane våre vil nytte seg av tilbodet. Familiemedlemmar er sjølvsagt også velkomne til å bestille frå utvalet. Det er flott med mange som frontar Ørsta Symjeklubb på til dømes symjestemner og i 17.mai tog, då vert vi synleg for fleire. Alle kleda er i junior og senior størrelse.
På klubbkledag bestiller ein det ein ynskjer av klede og evt. namnetrykk på g-sport, og betaler ingenting der.
G-sport tilbyr badebukse og badedrakt til rabbatterte prisar. Pris på det får de i butikk.
Etter bestilling vert kleda sendt til Furene for trykk av symjeklubben sine logoar. T-skjorte og genser har trykk av stor symjar på ryggen, medan bukse og shorts har ein liten klubblogo øvst på eine buksebeinet. På bukse og shorts kan medlemmane bestille namnetrykk eller namneinitialer. Dette kostar 30 kr ekstra og er valfritt.
Vedlagt er oversikt med bilete av klubbkolleksjonen, med prisar inkludert logotrykk. Klubbklede og badetøy vert levert ut frå symjeklubben etter trykk, og betalast ved utlevering!
Velkomne til klubbkledag!

12.01.2017.
Ørsta Symjeklubb

Klubbkolleksjon 2017 inkludert logotrykk

About the Author -