Klubbklede

Ørsta Symjeklubb har avtale om klubbklede med G-Sport Ørsta, i samarbeid med Umbro. Klubbkleda består av svart bukse, svart shorts, kvit teknisk t-skjorte og blå teknisk genser. Det er også høve for føresette å kjøpe klubbkle. Symjeklubben arrangerer ein klubbkledag ein gong i året der medlemmane får høve til å bestille seg klede. Normalt vert det klubbkledag januar/februar kvart år.

Alle kleda vert trykt med symjeklubben sine logoar. Vi samarbeider med Furene som trykker til oss.

 

Badehetter

Vi har fått inn ny forsyning med badehetter i god kvalitet. Hettene er prega av den nye logoen til Ørsta Symjeklubb og Sparebank1. Badehettene kjøpast i symjehallen og kostar 120 kr.

badehette