Kick-off på symjesesongen
Søndag 11.09 starta Ørsta Symjeklubb sesongen att. Etter ein lang sommarferie frå symjinga var symjarar, foreldre og sysken inviterte til ei kjekk økt i Volda-bassenget.
Trenarane starta dagen med opplæring i HLR og redning i vatn som leidde fram til bestått livbergingsprøve for alle mann. Denne prøva vert gjennomført årleg for alle trenarane i klubben. I haust har også trenarane Katrine Østgaard og Eirik Vatne gjennomført begynnerinstruktørkurs for å kunne undervise på symjekursa våre.
Med musikken i hallen på full guffe var det duka for mykje moro denne dagen. Nokre av symjarane tok ei treningsøkt før frileik, medan andre klatra rett opp i stupetårnet for å kaste seg uti vatnet. Me fekk sjå mange kule hopp, flotte stup og eitt og anna mageplask. Tilskodarane fekk seg også ein og anna vassdusj av «bomber» som kasta seg uti vatnet, sånn går det når ein berre står på kanten og kikkar på! 🙂
For å få tilfredsstilt konkurranseinstinktet og måle litt krefter etter sommarferien utfordra trenarane symjarane til kappsymjing, og me fekk sjå nokre spanande kampar for å vinne. Det var slett ikkje alltid trenarane som kom fyst, til symjarane si store glede.
Sesongstart
Bassenget i Ørsta opnar att torsdag 15. september, og klubben ynskjer både nye og tidlegare symjarar velkomne!
Me har fleire kjekke aktivitetar planlagde utover hausten i tillegg til treningane: mellom anna merketaking, Voldatreningar, symjestemner og klubbstemne.
Me har ledige plassar både på symjetrening og kurs og oppmodar interesserte om å ta kontakt for plass.