God dag 🙂

No er snart desember her, og da er det snart tid for det tradisjonsrike Julelauget i Volda.

Sett av laurdag 3.12.2016 og søndag 4.12.2016 i kalendaren og bli med du også 🙂

Me håpar sjølvsagt at monge vil vere med på stemne.

For dei som er nye på dette med stemner, kan det anbefalast å ta ein kikk på denne sida: http://orstasymjeklubb.no/informasjon-om-symjestemner

Me oppmodar alle som har lyst til å melde seg på stafett slik at me kan stille fleire lag.

Innsymjing

Laurdag 3. desember kl. 10:30 – 11:45.

Søndag 4. desember kl. 08:30 – 09:45.

Stemnestart

Laurdag 3. desember kl. 12:00.

Søndag 4. desember kl. 10:00.

Premiering

Det er 1/3 premiering til alle klasser, med unntak av klasse -06 og 07. Desse klassa får ein deltakarpremie for heile stemnet, og resultata kjem i alfabetisk orden med tid. For -04 og -05 klassene gir vi deltakarpremie, i tillegg til 1/3 premiering. 1/3 premiering med gåvekort frå Swimshop. Bestemannspremie i éin årsklasse for gutar og jenter, laurdag og søndag (minst 2 deltakarar i kvar trekte klasse). Årsklasser blir trekte på lagsleiarmøte laurdag. Gåvekort à Kr. 1000,- For stafettar blir det gitt premie til dei tre beste laga Jenter / Gutar.

Påmeldingsfrist

Mandag 22.november 2016

NB! Påmeldingar som ikkje kjem inn i tide må ordnast på stemnedagen om det er ledig plass i heat.

 

Øving før stemne

For dei som vil øve seg litt før stemnet så har vi ei søndagstrening i Voldabassenget søndag 20.11.2016 (NB ! sjå eige innlegg)

Lagleiar

Lagleiar på stemnet vert Jeanett Nekkøy tlf : 95203991 eller henvendelse på mail :send epost

PÅMELDING

 

 

 

 

 

 

About the Author -