Tjohei!
Søndag 24. April går Vårstemnet i Volda av stabelen og me vonar at flest mogleg vil vere med! Dette er siste stemnet vi reiser på denne sesongen.
Dette er eit veldig fint stemne for rekruttane, med mange 25 meters øvingar å velgje mellom og kort køyreavstand. For dei som er nye på dette med stemner, kan det anbefalast å ta ein kikk på denne sida: Informasjon om symjestemner
Me oppmodar alle som har lyst til å melde seg på stafett slik at me kan stille fleire lag.
Innsymjing
Søndag 24. April kl. 09.00-10.45
Stemnestart
Søndag 24. April kl. 11.00
Premiering
Det er 1/3 premiering til alle klasser, med unntak av klasse -06. Denne klassa får ein deltakarpremie for heile stemnet, og resultata kjem i alfabetisk orden med tid. For -04 og -05 klassene er det deltakarpremie til alle, i tillegg til 1/3 premiering med gåvekort frå Swimshop. Bestemannspremie i éin årsklasse for gutar og jenter (minst 2 deltakarar i kvar trekte klasse). Årsklasser blir trekte på lagsleiarmøte søndag. Gåvekort à Kr. 1000,-. For stafettar blir det gitt premie til dei tre beste laga Jenter / Gutar.
Påmeldingsfrist
Laurdag 16. April
NB! Påmeldingar som ikkje kjem inn i tide må ordnast på stemnedagen om det er ledig plass i heat.
Øving før stemne
For dei som er litt spente på å symje i 25 meters basseng så minner eg om at me har Voldatrening søndag 17. April som vil vere ei fin anledning til å øve seg i det bassenget stemnet blir arrangert. 🙂 Det vert også stemnetrening med valfritt oppmøte tysdag 19. April frå 20.00-21.00 der me øvar på stemnerelaterte ting.
Lagleiar
Lagleiar på stemnet vert Jeanett Nekkøy, ved spørsmål er det berre å ta kontakt på e-post, eller telefon 95 20 39 91 (etter 13. april).
PÅMELDING
Me har slutta med påmelding på mail og har gått over til å bruke skjema. Om du ikkje ser påmeldingsskjemaet under kan du gå direkte til skjemaet ved å følgje denne lenkjen: TRYKK HER FOR PÅMELDING