Hei alle A- og B-partisymjarar!

ØSK har gjort ein avtale med VTI Symjegruppa om at dykkar parti får trene i lag med voldingane på fredagar.
Fyrste trening vert fredag 18. september klokka 17.00-18.00.

Jeanett Nekkøy vert med som trenar frå ØSK fyrste gongen, deretter er det Monica Nesset som er ØSK sin trenar som blir med dykk dei komande fredagane.

Viss nokon behøver skyss til Volda har eg (Jeanett) plass i bilen til fire stykker, så berre ta kontakt for å avtale henting (tlf 95 20 39 91). Fint om dykk avtalar samkøyring dykk foreldre i mellom også, bruk gjerne facebook-gruppa.

Det er greitt å ha ei oversikt over kven som har lyst å delta på dette treningsopplegget, så eg vil gjerne ha ei tilbakemelding på mail om kven som vil vere med på treningane i Volda: Send mail.

Møt opp i god tid, borna skal vere på bassengkanten og klare til å gå i bassenget presis 17.00.

About the Author -