Vel møtt som medlem i Ørsta Symjeklubb.

På denne sida finn du kjapp oversikt over relevant informasjon for deg som medlem/føresett.

svømmeklubb_blå_png

Ver ein god idrettsforelder!

I Ørsta Symjeklubb ynskjer me engasjerte foreldre velkomen! Det er viktig at engasjementet er med å byggje opp under barnerettigheitene og klubbens verdiar elles. Olympiatoppens brosjyre med anbefalingar til foreldre finn du her: Hvordan være en god idrettsforelder

Sjå elles klubben si side om retningslinjene for barneidrett for born opp til og med 12 år: Barneidrett i Ørsta Symjeklubb

Dugnad

Å vere medlem i Ørsta Symjeklubb inneber litt dugnadsarbeid, men det er verken tidkrevjande eller slitsomt. Dugnadsinnsatsen vi forventar frå føresette er at De stiller opp eit par timar i gongen, eit par gonger i året for å sitje billettvakt i symjehallen når det er offentleg bading. Klubben får inntekter frå denne innsatsen, så det er viktig at De stiller opp.

Arbeidsoppgåva går ut på å møte opp i god tid, ta i mot pengar, signere og notere totalt beløp på slutten av billettvakta i billettvakt-boka som ligg i vaktbuda og til sist setje pengane inn på klubben sin konto.

Du kan sjå når det er din tur å ha vakt på billettvaktlista som blir sendt ut på mail (lista finn du også her på sida). Har du ikkje høve til å ta di eiga vakt må du prøve å byte sjølv med nokon andre. Gje beskjed til billettvaktansvarleg om bytet slik at me har oversikt over kven som skal vere billettvakt på kva dag.

Instruks for billettvakt blir sendt ut på mail saman med billettvaktlistene, men du kan også finne instruksen her på sida.

 

Ekstra merksemd til medlemmar

Når nokon har vore medlem hos Ørsta Symjeklubb i 3, 5, eller 7 heile år, får dei pokal. Pokalane blir utdelt på klubbmeisterskap i mai.

Før stemnet i mai går vi gjennom oppmøtelistene og premierer personen med best oppmøte gjennom heile året på kvart parti. Premien er gåvekort på kino. Det skal løne seg å vere flink å møte på trening!

Dersom bornet ikkje vil vere medlem meir

Det er monge born som ynskjer å vere med i Ørsta Symjeklubb, men som ikkje får plass sidan vi har fulle parti. Vi ber difor om at De seier i frå skriftleg på mail til styreleiar så snart som mogleg dersom bornet sluttar.

Viss me ikkje får skriftleg beskjed beheld bornet plassen sin (som nokon andre heller kunne nytta seg av).