Kort om symjestemner

Symjestemner er konkurransar som vert arrangert i symjing.

Det finst klubbinterne stemner som kun er for klubbens medlemmar og approbberte stemner der alle kan delta. Klubben arrangerer klubbstemner to gonger i året, derav det eine stemnet er klubbmeisterskap der vi kårar klubbmeister for gut og jente. Det blir trekt ut ei tilfeldig årsklasse, der den symjaren som har høgst poengsum vert kåra til klubbmeister.

Når det gjeld approbberte stemner er det for Ørsta Symjeklubb sin del mest aktuelt å delta i Volda, Ålesund, Brattvåg, Molde, Eid og Førde.

Den sosiale verdien av å delta på stemner i lag med andre frå gruppa si er stor, og er med på å skape samhald i gruppa. Vi har fått ein liten gjeng no som er aktive og ynskjer å vere med på stemner, men det hadde vore kjekt om enno fleire ville vere med.

Hugs: vi reiser ikkje på stemne for å vere best, vi reiser på stemne for å vere betre enn vi var sist gong!

Hugseliste for kva ein må ha med på stemner

  • Badedrakt/badebukse
  • Badehette
  • Symjebriller
  • 2 handukar (ein i symjehallen og ein i dusjen)
  • Overtrekkskle å ha på i symjehallen så ein ikkje blir kald (treningsbukse/jakke, t-skjorte)
  • Crocs/slippers
  • Nistemat
  • Drikkeflaske
  • Kontantar dersom ein vil kjøpe seg noko i kiosken

 

Øvingar

Det er skilnad på øvingar for rekrutt (nybyrjarar og utøvarar under 10-12 år) og øvingar for open klasse.

Rekruttar sym utan å bli vurdert av symjedommarar og kan ikkje bli diskvalifiserte. Dei konkurrerer ikkje på tid og resultata vert ikkje rangerte. Alle som deltek får premie. Øvingar for rekrutt er tydeleg merka i invitasjonen.

Det er ei overgangsperiode dersom ein går over i open klasse og er mellom 10-12 år, der alle får deltakarpremie sjølv om ein ikkje kjem på premieplass.

Deltakarar i open klasse vert vurderte av symjedommarar og må symje godt nok teknisk til å halde seg innanfor reglane for dei ulike symjeartane. Dersom dei sym feil teknisk, tjuvstartar eller ikkje utfører vendinga korrekt, kan dei verte diskvalifiserte. Det er vanleg å bli diskvalifisert innimellom, spesielt i starten når ein har gått over i open klasse. Ein kan sjå på det som eit tydeleg teikn på kva ein bør bli betre på, og ansvaret for å ta tak i det ligg hos trenarane.

Deltakarar i open klasse får ikkje deltakarpremie, og ein konkurrerer med utøvarar av same kjønn fødd same årstal som ein sjølv. Resultata vert rangert etter tid. Det er 1/3-premiering i open klasse.

 

Påmelding

Invitasjon til stemner vert sendt ut på e-post og delt ut på trening. Ein kan også finne invitasjon i terminlista her på sida vår.

 

Me benyttar oss av Google skjema for påmelding, som vert lagt ut på framsida av nettsida vår. I skjemaet fyller du ut bornets namn og fødselsår og vel om dei sym i rekrutt- eller open klasse. På den andre sida av skjemaet får du opp øvingane bornet kan velgje i. På siste side i skjemaet ynskjer me å vite om dykk skal køyre sjølv og om det evt. er plass symjarar som treng skyss og koordinere samkøyring.

For det sosiale sin del anbefalar me alle om å melde seg på stafett sidan det er kjempekjekt både for symjarane og oss som ser på når dei sym på lag.

 

Resultatlister

Resultatlister frå stemner der Ørsta Symjeklubb har delteke vert lagt ut på sida vår for resultatlister. Dette gjeld både klubbstemner og approbberte stemner.

For symjarar i open klasse kan ein sjå bestetidene sine på medley.no under «ranking» og deretter «tider for svømmer».