I helga har heile 13 symjarar frå Ørsta Symjeklubb delteke på Julelauget i Volda symjehall. Dette er nær ei dobling av antalet symjarar vi stilte med i fjor, så det var veldig kjekt å sjå at vi har lukkast med satsinga på å få fleire med på stemner. For fyrste gong på fleire år stilte Ørsta Symjeklubb med stafettlag – noko som var engasjerande både for små og store.

julelaug14

Symjarane som deltok på Julelauget. Nicholine Nesset og Martin Skjåstad Nesset var ikkje til stades.

 

Open klasse

Victoria Ingrid Engeset persa på begge øvingane ho deltok i på stemnet, til tross for at ho misste brillene på begge distansane.

Dette var fyrste gong Nicholine Nesset deltok i open klasse på stemne. Ho var litt spent og nervøs før start på søndagen, men leverte flott symjing i distansane 200 m bryst og 50 m rygg.

 

Rekrutt

Simen Vatne Haram var den av rekruttane som deltok i flest øvingar av ørstingane på stemnet, og han symde inn til ny personleg rekord i rubbel og bit. Håvard Gårdsvoll Vatne deltok også i to øvingar sjølv om han var litt skeptisk på førehand til å symje i Voldabassenget, og forbetra bestetidene sine. Ein kan konkludere med at det er ikkje så skummelt på stemne, berre litt spennande og kjekt.

Stine Gjengedal Sætre imponerte også med solide personlege rekordar. Ho har hatt ei veldig flott utvikling i symjeteknikken sin det siste året, og det viste godt igjen på resultata.

Maja Røe Natås hadde også gode prestasjonar i bassenget, og speakeren skrytte over høgtalaranlegget av teknikken hennar i ryggsymjing – velfortjent. Sigrid Sætre har også hatt god framgong det siste året, og symde inn til nye personlege rekordar. Ho imponerte også med flotte stup på stemnet.

Martin Nesset hadde vinnarinstinktet på plass og ga full gass når han symde, som resulterte i fin tid på 50 m bryst.

Laura Claudia Pocora deltok for fyrste gong på stemne, og var også med på rekruttlaget. Ho syntest det var ganske spennande å skulle stille til start, men gjennomføringa gjekk heilt fint sjølvom det var sommarfuglar i magen på førehand.

Andrè Arntsen var også med, og representerer saman med Ådne Sætre, Falk Aarsæther og Sigbjørn Fonesca den yngste delen av rekrutt-gruppa. Dei symde fint alle fire og syntest det var kjekt å få prøve seg på stemne.

Stafettlaget bestod av Simen (1. etappe), Maja (2. etappe), Sigrid (3. etappe) og Claudia (4. etappe).

 

Resultatliste

Namn Fødd 25 m fri 25 m bryst 25 m butterfly 25 m rygg 50 m fri 50 m bryst 50 m rygg 100 m fri 100 m bryst 200 m bryst
Victoria Ingrid Engeset 1999 1.28,39 1.44,94
Nicholine Nesset 2002 48,06 4.09,74
Laura Claudia Pocora 2003  28,98  1.00,55
Martin Skjåstad Nesset 2004  1.09,56
Maja Røe Natås 2004 26,08 59,73
Stine Gjengedal Sætre 2004  24,50 34,46  1.04,93
Sigrid Sætre 2004 30,16  1.03,93
Håvard Gårdsvoll Vatne 2005  27,16 36,43
Simen Vatne Haram 2005  21,50  26,90  31,43  49,98 55,56  1.59,05
Falk Aarsæther 2006 39,51  41,00
Andrè Arntsen 2006  41,25  43,86
Ådne Sætre 2006  36,73 34,10
Sigbjørn Fonesca 2006  37,93  37,63
Stafettlag  4×50 m fri rekrutt 3.54,15 (1.et. 51,43 – 2.et. 1.00,47 – 3.et. 1.02,48 – 4.et. 59,77)

 

About the Author -