September, 2016
22sep17:15- 17:50Skilpadde 17.15-17.50Symjeopplæringskurs17:15 - 17:50
Meir informasjon om hendinga
Trinn 3 - Skilpaddemerket
Meir informasjon om hendinga
Trinn 3 – Skilpaddemerket
Denne delen av opplæringa fokuserer på å gjere bornet i stand til å flyte i ulike posisjonar på mage og rygg, og å kunne veksle mellom ulike posisjonar utan å kome ut av balanse.
Borna får oppdage korleis oppdrift fungerer og lærer seg å forstå at kroppen vil flyte opp når den er i vatn. Det er også spennande å leggje merke til flyteevna til ulike kroppsdelar, td. forskjellen mellom overkropp og beina og lære kvifor det er slik. Her er det viktig at bornet er trygg på å ha andletet i vatnet sidan flyting på magen krev at ein er komfortabel med å halde pusten og leggje andletet i vatnet.
Delmål i løpet av kurset:
- Halde pusten og flyte på magen i linjehaldning.
- Halde pusten og flyte på ryggen i linjehaldning, puste medan ein held seg flytande på ryggen.
- Halde pusten og hoppe frå bassengkanten, flyt opp på magen i linjehaldning.
- Hald pusten og flyt på magen i linjehaldning, dreie over på ryggen i linjehaldning og puste medan ein held seg flytande på ryggen.
- Halde pusten og flyte, balansere på mage og rygg i linjehaldning med tilpassa pust.
Meir informasjon
For hjelp til å velgje rett kursnivå – bruk dette spørreskjemaet: http://goo.gl/forms/bwVPiBxx4K
Les meir om kurset på denne lenkja: http://orstasymjeklubb.no/aktivitetstilbod/symjekurs/begynnaropplaering
Det er ikkje kurs i haustferien.
Tid
(Torsdag) 17:15 - 17:50
Stad
Ørsta Symjehall
Holmegata 17, 6150 Ørsta
Kontaktperson
Monica Nesset91 83 60 14
Future Event Times in this Repeating Event Series
29.09.2016 17:1506.10.2016 17:1513.10.2016 17:1520.10.2016 17:1527.10.2016 17:1503.11.2016 17:1510.11.2016 17:1517.11.2016 17:1524.11.2016 17:1501.12.2016 17:15