Uncategorized

Symjekurs

Då er symjekurs/trygg-i-vann-kurs klare for påmelding. Du kan gå inn på tryggivann.no og søke opp kurs i Ørsta. Der vil du finne alle dei 5 tilgjengelege kursa (fire ulike nivå: kval, skilpadde, pingvin,selungen). Kursoppstart er onsdag 01.09 og onsdag 02.09. Stad: Ørsta Symjehall ved Ørsta Ungdomsskule. https://www.tryggivann.no/

Oppstart symjetrening

Då er vi snart klare for oppstart av symjetrening igjen. I år opnar bassenget ved skulestart og vi tek derfor til med trening allereie neste veke. I år som i fjor velger de sjølv kor mange treningar i veka barnet ditt/borna dine vil/kan delta på. Dersom de ikkje har fått beskjed om noko anna på    […]

Oppstart symjetrening etter vinterferien

Ørsta Symjehall er planlagd å opne igjen 15.02.21. Vi ventar med å starte oppatt med symjetreningar til etter vinterferien, og første treningsdag blir mandag 01.03.21. Treningane held fram heilt til sommarferien startar. Vi vil sende ut på e-post eller sms oversikt over kva parti kvart av medlemmene høyrer til. Under her finn de ei oversikt    […]

Utsett opning av symjebassenget

Midt i våre førebuingar til kurs- og sesongoppstart fekk vi i dag, 10.09.20, e-post frå Ørsta Kommune om at symjehallen ikkje kan opne som planlagt den 14.09.20. Årsaka er noko samansett, men hovudårsaka er det ved klargjering av bassenget vart oppdaga omfattande skadar. Ørsta Kommune vil snarleg søkje ekstern bistand i det vidare arbeidet og    […]

Informasjon til nye medlemmer

Vi ynskjer nye medlemmer velkommen til klubben. Når symjarar har fullført selungekurset, kan dei melde seg inn i Ørsta Symjeklubb. For å gjere dette kan dei møte på første trening tysdag 17. september 2019 kl 18.30-19.30 eller torsdag 19. september kl 17.00-18.00. Registreringsskjema får de utdelt på første trening. Dersom de ønsker å fylle ut    […]

God sommar!

Symjebassenget er no stengt for sesongen. Vi startar opp med treningar og kurs 16. september. Nye kurs vert lagt ut på tryggivann.no etter skulestart. Ynskjer alle ein god sommar!

Ny hovudtrenar

Frå hausten 2019 har Ørsta symjeklubb fått ny hovudtrenar: Vidar Lee Opsal. Vidar har tidlegare vore symjar i Ørsta symjeklubb og har lang erfaring som symjetrenar i m.a. Fosnavåg symjeklubb. Vi ynskje han velkomen attende i klubben og ser fram til eit godt og langt samarbeid. Han har fått med seg ein dyktig gjeng på    […]

Vi treng fleire trenarar!

Til den komande sesongen 2019/2020 treng vi i Ørsta symjeklubb fleire trenarar! Vi ser etter deg som er glad i vatn, kreativ og som ynskjer og bidra. Symjekompetanse er ønskeleg, men ikkje noko krav då vi i klubben kan tilby kurs til ulike nivå. Livbergingsprøve tek du gjennom klubben om den ikkje allereie er på    […]

Nytt styre 2019/2020

Årsmøtet har valgt nytt styre for 2019/2020 i Ørsta symjeklubb: Grethe Flatjord som styreleiar, Mariann Dokken Håskjold som nestleiar og Trine Vadstein som kasserar. Borgny Ottestad, Ann Helen Korsfur Krøvel og Vidar Kristoffersen fortsetter som styremedlemmer. Vi nyttar høvet til å takke for god innsats frå styremedlemmane som gjekk av – Monica Nesset, May-Britt Innselset-Smidtsrød    […]