Introduksjon til klubbens grupper
Minstekrav for å byrje i symjeklubben er at bornet har fullført Selungenmerket eller tilsvarande.
Det tyder at ein er trygg i vatn utan noko form for hjelpemiddel, kan dykke, flyte på rygg og mage, gli på rygg og mage, hoppe/stupe og orientere seg i og under vatn, skape framdrift med crawlbeinspark, samt symje crawl og rygg på grunnleggjande nivå.
For born som ikkje kan alt dette henviser me til nybyrjarkursa våre: Symjeopplæringskurs
Nye medlemmar som ikkje har gått på kurs
Born som alt kan å symje vil bli plassert på høveleg parti eller henvist til nybyrarkursa etter vurdering av trenar.
Innplassering på parti skjer ut i frå ferdigheitene borna allereie har, så i starten kan ein oppleve å gå på parti med yngre born fram til ein har lært det grunnleggjande. Dei det gjeld vil bli flytta opp i parti så snart ferdigheitene er gode nok til å henge med på partiet med jamnaldringar.
Når kan bornet gå vidare til neste parti
Trenargruppa avgjer samla når borna kan nok til å gå opp eit parti. Me ber om forståing for at symjing er ein individuell idrett, der både fysiske føresetnader og kor lenge ein har vore i idretten spelar inn.
Vårt hovudfokus er at alle born skal få oppleve meistring og fornuftig progresjon på sitt nivå. Det oppnår me ikkje med å kun fordele borna etter alder. Dei ulike årskulla er difor spreidd på ulike parti, alt etter kva me har vurdert som rett parti for den enkelte. Såleis skiljer me oss frå reint aldersbestemte lagidrettar der alle av same årskull går på same parti.
For borna i borneidretten (under 12 år) er det ikkje kor fort ein kjem vidare til høgare parti som avgjer kor god symjar ein blir i framtida, snarare legg ein grunnlaget for å verte ein god og allsidig symjar med å fylgje klubbstrukturen og klubbens plan for innlæring av ferdigheiter.
Me har moglegheit for byte av parti ved oppstart haust og etter nyttår, dersom trenarane ser behov for byte av parti i løpet av sesongen vert dette tatt opp direkte med føresette.
Tilpassing dersom treningstider ikkje høver
Me prøvar alltid å tilpasse dersom treningstidene ikkje passar for nokon. På gruppene Sel/Sjøløve og Hai/Delfin som har ei trening per veke er tilpassinga me kan gjere å tilby alternativ dag på samlegruppe for desse partia.
For partia Pingu og Piraya som har to treningsdagar per veke kan me tilby ei ekstra trening med Hai/Delfin (om ledig plass) for Pingu-symjarane og ekstra trening med Pingu (om ledig plass) for Piraya-symjarane dersom ein ikkje kan eine dagen og ynskjer å trene meir.
For å ivareta klubbstrukturen og innlæring av ferdigheitene kan me ikkje tilby plass på høgare gruppe.
Konkurransar
Me ynskjer at borna skal utvikle ei god haldning til konkurransar der fokuset ligg på å vere betre enn ein var sist, heller enn å fokusere på å vere betre enn alle andre. Det er viktig at også føresette er med på underbyggje denne haldninga.
Fyrst og fremst skal konkurransar vere kjekt - ein arena for å vise kva ein kan. Spør om bornet hadde det kjekt, legg merke til fine stup/vendingar, fin symjing eller nye personlege rekordar heller enn plassering og samanlikning med andre. Legg også merke til og gje ros for det andre born enn ditt eige får til!
Dette er viktig for å behalde gleda ved konkurransar sidan alle ikkje kan kome på fyrsteplass. Dit kjem me via fokus på meistring og med haldninga at ein skal vere sin eigen fremste konkurrent.
Les meir her om korleis vere ein god idrettsforelder: Korleis vere ein god idrettsforelder
Sel/Sjøløve
Gruppeansvarleg Sel/Sjøløve 1: Åge Gjengedal Sætre
Gruppeansvarleg Sel/Sjøløve 2: Katrine Østgaard
Øvingsår 1 - motorisk basisopplæring, 1 time per veke, aldersgruppe 7-8 år.
Dette er gruppa for dei som er ferdige med Selunge-nivå.
Borna på dette partiet jobbar vidare med den vidaregåande opplæringa til NSF, inkludert livbergingskunnskap. Me fokuserer framleis mykje på leik og repitisjon av kjende ferdigheiter, i tillegg til introduksjon av det nye dei skal lære på gruppa.
Gruppa får delta på klubbinterne stemner og Voldasøndagstreningar.
I løpet av året får dei ta to merker: Sel og Sjøløve. Det fyrste merket vert utdelt på juleavslutninga, medan det andre vert utdelt på Klubbmeisterskapet. Etter at borna har teke begge desse merka kan dei nok til å flyttast opp til Delfin/Hai-gruppa.
Dette arbeider me med på Sel/Sjøløve i løpet av året
Sel
Læringsmål fyrste halvår
- Møte regelmessig og presis på trening
- Kunne symje crawl og rygg på eit vidaregåande nivå
- Kunne varsle om hjelp (1-1-3), benytte "forlenga arm" og kaste redningsline/bøye
Delmål fyrste halvår
- 10 meter sculling på mage med hendene foran hovudet + 10 meter sculling på rygg med hendene ved hofta
- 10 meter "supermann" på høgre side, rotere med ett armtak og deretter 10 meter "supermann" på venstre side
- Symje 25 meter crawl med "overlapp", med plate/nuddel, med pusting
- Symje 25 meter crawl, med saltovending med fråspark på ryggen
- Symje 25 meter rygg med "engletak", framføring over vatn
- Utføre ryggstart, gli under vatn, symje 10 meter rygg beinspark, deretter 10 meter ryggsymjing
- Utføre åpen vending i rygg og crawl med symjing 5 meter inn og ut frå vegg
- Stupe frå ståande stilling, symje 25 meter crawl, ta saltovending og symje 25 meter rygg
- Kunne varsle om hjelp (1-1-3), dykke til botnen, bruke forlenga arm og kaste redningsline/bøye
Sjøløve 
Læringsmål andre halvår
- Kunne utføre bryst- og butterflybevegelsen (delfinbevegelsen)
- Kunne utføre overlevelsesflyting og H.E.L.P.-stillinga
Delmål andre halvår
- Kunne symje 10 meter brystbeinspark med fotblada vinkla utover (med plate eller anna flytemiddel)
- Kunne symje 10 meter brystarmtak med pusting (med flytepinne under brystet)
- Kunne symje 15 meter bryst, med gli mellom armtak og beinspark
- Kunne utføre 10 meter delfinbevegelse på mage i vassflata, med armane langs sida og strukke fram foran hovudet
- Kunne symje 5 meter delfinbevegelse under vatn i rygg- og mageleie
- Kunne symje 10 meter 1-arms butterfly med 4 butterflybeinspark per armtak (syklus)
- Kunne utføre open vending i bryst, der ein sym minimum 5 meter inn mot vegg og 5 meter ut frå vegg i god linjehaldning
- Meistre stafettvekslingane med grab- og ryggsymjingstart
- Kjenne til, og bruke dei vanlegaste fagbegrepa i symjeartane
- Kunne utføre overlevelsesflyting på rygg og bryst, samt H.E.L.P.-stillinga (flyteteknikk i kaldt vatn med redningsvest)
- Kunne varsle om hjelp (1-1-3)
Delfin/Hai
Gruppeansvarleg: Monica Nesset
Treningsår 1 - motorisk basisopplæring, 1 time per veke, aldersgruppe 7-9 år.
Dette er gruppa for dei som er ferdige med Sel og Sjøløve eller kan tilsvarande frå før.
Borna på dette partiet jobbar vidare med den vidaregåande opplæringa til NSF, inkludert livbergingskunnskap. Me fokuserer framleis mykje på leik og repitisjon av kjende ferdigheiter, i tillegg til introduksjon av det nye dei skal lære på gruppa.
Gruppa får delta på klubbinterne stemner, Julelauget i Volda og Voldasøndagstreningar.
I løpet av året får dei ta to merker: Delfin og Hai. Det fyrste merket vert utdelt på juleavslutninga, medan det andre vert utdelt på Klubbmeisterskapet. Etter at borna har teke begge desse merka kan dei nok til å flyttast opp til Pingu-gruppa.
Dette arbeider me med på Delfin/Hai i løpet av året
Delfin
Læringsmål fyrste halvår
- Kunne symje bryst og butterfly grovkoordinert
- Kunne symje med kle og trå vatnet
Delmål fyrste halvår
- Kunne utføre 8 butterflybeinspark under vatn med god linjehaldning
- Kunne utføre 3 butterflybeinspark under vatn for deretter å symje butterfly utan pust, totalt 10 meter
- Kunne symje 15 meter brystbeinspark med delfinbevegelse, der fotblada er vinkla utover gjennom heile sparket (med plate)
- Kunne symje 25 meter bryst med delfinbevegelse, grovkoordinert
- Kunne trå vatnet i 30 sekund, med hovudet over vatnet
- Kunne symje 25 meter med kle (skjorte og bukse), stoppe og kle av seg på djupt vatn. Kunne varsle om hjelp (1-1-3)
Hai 
Læringsmål andre halvår
- Kunne symje medley
- Kunne utføre undervannskick, startar og alle vendingar med god teknikk
- Kunne grunnleggjande livberging i vatn
Delmål andre halvår
- Kunne symje 10 meter butterfly, utføre korrekt vending og deretter symje 10 meter rygg
- Kunne symje 10 meter rygg, utføre korrekt open vending og deretter symje 10 meter bryst
- Kunne symje 10 meter bryst, utføre korrekt open vending og deretter symje 10 meter crawl
- Kunne utføre ei crawlvending (salto) der ein sym minimum 5 meter inn mot vegg og 5 meter ut frå vegg med god linjehaldning
- Kunne utføre ei ryggvending (salto) der ein sym minimum 5 meter inn mot vegg og 5 meter ut frå vegg med god linjehaldning
- Kune utføre start frå pall, med korrekt startprosedyre og fin overgang inn i symjearten
- Kunne utføre ryggstart, med korrekt start og fin overgang inn i symjearten
- Kunne symje 100 meter medley (eller 4 lengder i 12,5 meters basseng)
- Kunne utføre følgjande livbergingsøvingar: Start frå bassengkant, sym 25 meter bryst, dykk frå vassflata (djupne minst 2,5 meter) og plukk opp ein gjenstand, ilandføring 25 meter av jamnstor person ved bruk av forlenga arm. Øvelsen gjerast utan stopp.
Dei må også kjenne til følgjande: Prinsipp om forlenga arm, ilandføringsteknikkar, HLR-forløpet, is/bade/sjøvettreglar
Pingu
Gruppeansvarleg: Katrine Østgaard
Treningsår 2 - motorisk basisopplæring, 2 timar per veke, aldersgruppe 8-10 år.
Dette er gruppa for dei som er ferdige med Sel, Sjøløve, Delfin og Hai eller kan tilsvarande frå før.
Borna på dette partiet jobbar vidare med alle fire symjeartane i tillegg til å lære seg å symje lengre distansar. Me fokuserer framleis ein del på leikprega trening og repitisjon av kjende ferdigheiter, i tillegg til introduksjon av det nye dei skal lære på gruppa.
Gruppa får delta på klubbinterne stemner, Julelauget i Volda, Hauststemne på Eid, Jugendsvøm i Ålesund, Vårduppen på Eid, Taremaresvøm i Brattvåg og Voldasøndagstreningar.
I løpet av året får dei ta eit merke som går på distansesymjing. Merket vert utdelt på juleavslutninga.
Når bornet meistrer delmåla ein går gjennom i løpet av året er dei klare for å flyttast opp til Piraya-gruppa
Pingu
Læringsmål
- I forlengelsen av start, kunne symje crawl-, rygg- og brystsymjing med god hastigheit
- Symje 25 meter butterfly i ei grovform
- Benytte open vending i alle fire symjeteknikkane
- Symje 100 meter medley
- Utføre alle stafettvekslingar i henhald til reglane
- Utføre delfinbevegelse i rygg-, bryst-, og sideleie over 10 meter
- Forklare dei symjetekniske reglane
- Stupe og hoppe frå 3 meter
- Dykke frå overflata, både med hovudet og beina fyrst
- Saman med partner, og i grupper kunne løyse rørsleoppgåver under vatn
- Symje 600 meter i roleg, jamt tempo utan pause
- Symje 8x50 meter i rygg- og crawlteknikk med 15 sekund pause
- Symje 300 meter fartsleik
- Kjenne til, og benytte dei viktigaste fagbegrepa for alle symje-, start- og vendingsteknikkane
Piraya
Gruppeansvarleg: Jeanett Nekkøy
Treningsår 3 og 4 - basistrening, 2-4 timar per veke, aldersgruppe 9-11 år.
Dette er gruppa for dei som er ferdige med delmåla på Pingu. På dette partiet vert borna verande i to år før dei er klare til å bli A-partisymjarar. Det siste året på Piraya kan symjarar som er fylt 10 år gå over i overgangsordninga til open klasse om trenar vurderer at dei sym godt nok teknisk til å meistre det. Symjarar i overgangsordninga kan delta i LÅMØ om dei ynskjer det og trenar vurderer at dei meistrar distansane godt nok.
Borna på dette partiet jobbar vidare med alle fire symjeartane på eit høgare teknisk nivå. Me fokuserer på at symjarane skal vere varierte og utvikle ferdigheitene sine i alle symjeartane, inkludert å delta i varierte symjeartar og distansar på stemne.
Gruppa får delta på klubbinterne stemner, alle uapprobberte stemner,approbberte stemner i overgangsordning for rekrutt og Voldatreningssøndag. Piraya-symjarane får også tilbod om å delta på trening fredagar i Voldabassenget (påmelding for dei som ynskjer å vere med).
I løpet av året får dei ta eit milmerke som vert rekna ut frå alle symde meter på trening i hausthalvåret. Merket vert utdelt på juleavslutninga.
Når bornet meistrer delmåla frå treningsår 3 og 4 er dei klare for å flyttast opp til A-partiet.
Piraya
Læringsmål 1. år på Piraya
- Symje alle fire konkurranseteknikkar med god utførelse
- Akselerere og veksle symjetempo over korte distansar
- Hugse, og kunne utføre minst tre drillsøvingar for kvar symjeteknikk
- Symje 1000 meter crawl i roleg, jamt tempo utan pause
- Utføre undervannskick over 15 meter i rygg-, bryst- og sideleie
- Forstå reglane og ta aktivt del i vannpolo
- Fange, kaste og ta opp ein vannpoloball med ei hand
- Oppføre seg hensiktsmessig før, under og etter ein konkurranse: Varme opp, vere i lag med, og heie på lagkameratar
- Hugse alle personlege rekordar i alle symjeartar
Læringsmål 2. år på Piraya
- Symje crawl med 2 og 6 beinspark per armtaksyklus
- Symje 200 meter medley med korrekte vendingar og godt tempo
- Symje 1500 meter crawl med jamn hastigheit, andre halvdel raskare enn fyrste, utan pause
- Symje 8x200 meter crawl med 30 sekund pause, kvar distanse jamt og i om lag same tempo
- Symje 800 meter fartsleik
- Benytte undervannskick så langt som reglane tilsei i butterfly, crawl og rygg etter kvar start og vending, både på trening og i konkurranse
- Utføre minst 5 kontrast- og kombinasjonsøvingar
- Dykke, og utføre konbinasjonsøvingar med symjeføter
- Utføre 3 ulike typar hopp/stup frå 3 meter
- Gli minst 10 meter etter startstup
- Gli minst 7 meter etter fråspark
- Spele vannpolo med forenkla reglar
- Skrive opp, og utføre eit oppvarmingsprogram før fyrste konkurranseøving og mellom to øvingar
- Forklare og anvende konkurransereglane angåande start, vendingar- og symjeteknikkar
- Kunne forklare og begrunne forholda rundt individuelle- og stafettkonkurransar, eventuellt poengsystem, taktikk osb.
A-partiet
Gruppeansvarleg: Jeanett Nekkøy og Monica Nesset
Treningsår 5 og vidare - oppbyggingstrening, 5,5 timar per veke, aldersgruppe 12 år og oppover.
Dette er gruppa for dei som er ferdige med delmåla på Piraya. På denne gruppa er alle symjarane i open klasse og deltek på fleire konkurransar og deltaking i LÅMØ for dei som ynskjer det.
Ungdommane på dette partiet jobbar vidare med alle fire symjeartane på eit høgare teknisk nivå. Partiet er delt, med symjarar som er i sitt 5. treningsår og vidare - med dertil tilpassa trening ut i frå treningsbakgrunn. Me fokuserer på at symjarane skal vere varierte og utvikle ferdigheitene sine i alle symjeartane, inkludert å delta i alle symjeartar og distansar på stemner fordelt gjennom året.
På dette nivået skal symjarane også lære å bli meir bevisste rundt eiga trening, inkludert auka kunnskap rundt kvifor me gjer ting på trening. Me skal skape bevisstheit rundt korleis andre ting i kvardagen kan påvirke oss på trening og lære om viktigheita av nok søvn, restitusjon, kosthald og trening på land. Dei skal i større grad vere med på planleggjing og oppfølgjing av eiga trening - inkludert å setje mål for kva dei vil oppnå og evaluering av korleis det gjekk. Refleksjon rundt kvifor/kvifor ikkje eigne mål vart nådd.
Gruppa får delta på klubbinterne stemner, alle approbberte stemner, treningssamlingar og Voldatreningssøndag. A-partisymjarane får også tilbod om å delta på trening fredagar i Voldabassenget (påmelding for dei som ynskjer å vere med).
I løpet av året får dei ta eit milmerke som vert rekna ut frå alle symde meter på trening i hausthalvåret. Merket vert utdelt på juleavslutninga.
A-parti
Læringsmål 1. år på A-parti
- Symje 2000 meter kontinuerleg crawl i jamt tempo
- Symje korte sprintar med høg teknisk kvalitet
- Symje seriar med middels lange distansar med paddles, og ulike typar motstand
- Symje 400 meter i konkurranse med avtalt frekvens og tidsinndeling
- Utføre ei rekkje øvingar for å utvikle vasskjensle, og byggje desse inn i oppvarmingsprogrammet
- Dykke med maske, snorkel og symjeføter
- Beskrive, og demonstrere bevegelsesforløpa i symje-, start- og vendingsteknikkane
- Regelmessig føre treningsdagbok, fortrinnsvis med objektive måledata (td. kvilepuls, belastningspuls, vekt, søvn, mat, etc)
Læringsmål 2. år på A-parti
- Symje konkurransar i minst tre ulike teknikkar på distansar mellom 50-400 meter, i tillegg til 800-1500 meter crawl og 200-400 meter individuell medley
- Symje 3000 meter kontinuerleg crawl med jamn, høg hastigheit
- Utføre seks ulike symjetekniske øvingar for vasskjensle, seks kombinasjonsøvingar og seks balanse/kroppshaldningsøvingar i vatnet
- Symje minst 800 meter kontinuerleg med paddles og gummiring rundt beina i jamt, godt tempo
- Kunne forklare og begrunne dei ulike treningsformane og metodane som vert nytta i treninga, og planleggje delar av treningsprogrammet
- Forklare forholdet mellom syklusveg og frekvens
- Føre dagleg treningsdagbok med dokumentasjon av trening, samt registreringar av subjektive og objektive kroppsreaksjonar
- Realistisk vurdere neste konkurranseresultat på bakgrunn av gjennomført trening, samanlikne det med oppnådd resultat, og evaluere heile prosessen på sakleg grunnlag. Finne fram til årsakssamanheng som forklarar avvik mellom planlagt og oppnådd resultat.
- Saman med trenar fastleggje den grove treningsplanen for komande sesong
- Kjenne til eigne personlege rekordar med mellomtider og frekvensar