Fokuset er å skape trygge born, der dei aller mest grunnleggjande ferdigheitene vert vektlagde før ein startar på sjølve symjeopplæringa. Det er fleire ulike trinn innan denne nybyrjar-opplæringa, og under kan du lese litt om kvart kurs-trinn slik at det blir lettare å velje kva type kurs bornet bør meldast på.
Det er viktig å ta utgangspunkt i kva nivå bornet er på, då bornet må vere på rett nivå for å få best mogleg utbyte av kurset det deltek på. Viss vi ser at bornet bør flyttast til eit høgare eller lågare nivå i løpet av dei fyrste kursdagane, vil føresette bli informert om dette.
Dersom bornet er van med å bruke symjebriller, naseklype eller flytereiskapar og kjenner seg trygg i vatnet med desse hjelpemidla, bør ein ta hensyn til at ingen av desse hjelpemidla blir nytta på kurs. For enkelte er det ein stor terskel å bli trygg i og under vatn utan hjelpemiddel, men vi ynskjer at borna som har vore på kurs med oss skal vere trygge på eiga hand slik at dei har kunnskapen og evnen til å redde seg sjølve om dei skulle hamne i vatnet uføresett utan hjelpemiddel.
Trinn 1 – Vannmerket
Denne delen av opplæringa har fokus på å gjere bornet trygg på å få vatn i andletet.
Delmål i løpet av kurset:
- Bornet skal kunne «frakte» eit symjebrett som ligg i vassflata gjennom bevegelsar med armane, men utan å berøre brettet.
Brettet må fraktast minst 5 meter. - Bornet står i hoftedjupt vatn og let ein partner sprute vatn på seg.
Det er lov å late att augene, men ikkje snu seg vekk.
Bornet må la seg sprute på i minst 15 sekund, og hendene skal ikkje haldast framfor ansiktet.
Dersom bornet synest dette er veldig skummelt, så er det god hjelp i å øve heime. Døme på heimelekse kan vere: øve på å få vatn i andletet i dusjen utan å halde hendene foran andletet eller snu seg vekk, øving i badekar med å halde pusten og leggje andletet i vatnet, osv. Foreldre kan hjelpe godt på framgangen her ved å ha fokus på å øve på dette på heimebane i løpet av kurset.
Trinn 2 – Kvalmerket
Denne delen av opplæringa har fokus på å gjere bornet trygg på å orientere seg under vatn. Det inneber hopping, dykking og øving på å opne augene og sjå under vatn.
Delmål i løpet av kurset:
- Halde pusten, dykke hovudet under vatn og opne augene.
- Halde pusten, dykke ned og hente gjenstandar på botnen av bassenget.
- Halde pusten, dykke mellom beina på ein partner.
- Halde pusten, hoppe frå bassengkanten og hente opp gjenstandar frå botnen av bassenget.
Trinn 3 – Skilpaddemerket
Denne delen av opplæringa fokuserer på å gjere bornet i stand til å flyte i ulike posisjonar på mage og rygg, og å kunne veksle mellom ulike posisjonar utan å kome ut av balanse.
Borna får oppdage korleis oppdrift fungerer og lærer seg å forstå at kroppen vil flyte opp når den er i vatn. Det er også spennande å leggje merke til flyteevna til ulike kroppsdelar, td. forskjellen mellom overkropp og beina og lære kvifor det er slik. Her er det viktig at bornet er trygg på å ha andletet i vatnet sidan flyting på magen krev at ein er komfortabel med å halde pusten og leggje andletet i vatnet.
Delmål i løpet av kurset:
- Halde pusten og flyte på magen i linjehaldning.
- Halde pusten og flyte på ryggen i linjehaldning, puste medan ein held seg flytande på ryggen.
- Halde pusten og hoppe frå bassengkanten, flyt opp på magen i linjehaldning.
- Hald pusten og flyt på magen i linjehaldning, dreie over på ryggen i linjehaldning og puste medan ein held seg flytande på ryggen.
- Halde pusten og flyte, balansere på mage og rygg i linjehaldning med tilpassa pust.
Trinn 4 – Pingvinmerket
Denne delen av opplæringa fokuserer på det å ha framdrift i vatnet. Her må ein kombinere ferdigheitene ein har lært i dei tidlegare trinna, halde pusten, hopping og flyting for å klare å gli gjennom vatnet. Når borna meistrar i gli i linjehaldning på mage og rygg startar vi med å øve på beinspark i rygg og mageleie. Etter endt kurs skal bornet kunne skape framdrift i vatnet ved hjelp av beinspark på mage og rygg.
Delmål i løpet av kurset:
- Gli på magen i linjehaldning.
- Gli på ryggen i linjehaldning.
- Gli i linjehaldning med dreiing frå mage til rygg, puste og så dreie tilbake på magen.
- Gli med vekselbeinspark på magen i linjehaldning.
- Gli med vekselbeinspark på ryggen i linjehaldning, puste og så dreie kroppen på magen i linjehaldning og utføre vekselbeinspark.
- Hoppe uti på djupt vatn, flyte opp i linjehaldning på magen og utføre vekselbeinspark, dreie over på ryggen og utføre vekselbeinspark med tilpassa pust.
Trinn 5 – Selungemerket
Denne delen av opplæringa byggjer på alle ferdigheitene borna har lært på dei tidlegare trinna, og fokuserer på å lære dei framdrift med hjelp av armane.
Her arbeider vi med vannfølelsen, det å kjenne trykk og motstand i vatnet for å lære å få godt «grep» i vatnet. Vi avanserer vidare frå hopping til stuping. Etter endt kurs skal bornet ha lært ei grunnform av ryggcrawl og magecrawl.
Delmål i løpet av kurset:
- Sculling med vekselbeinspark på mage og rygg i linjehalding med rytmisk pusting.
- Crawlsymjing utan pusting.
- Crawlsymjing i linjehaldning med rytmisk pusting.
- Ryggsymjing i linjehaldning med pusting.
- Glistup frå bassengkanten direkte over i crawlsymjing med rytmisk pusting.