IMG_6119_compressed

 

Ørsta Symjeklubb er med i Norges Svømmeskole og driv symjeopplæring etter NSF sitt konsept med Trygg i vann og fyl NSF sin metodikk og progresjon.

Fokuset er å skape trygge born, der dei aller mest grunnleggjande ferdigheitene vert vektlagde før ein startar på sjølve symjeopplæringa. Det er fleire ulike trinn innan denne nybyrjar-opplæringa, og under kan du lese litt om kvart kurs-trinn slik at det blir lettare å velje kva type kurs bornet bør meldast på.

Det er viktig å ta utgangspunkt i kva nivå bornet er på, då bornet må vere på rett nivå for å få best mogleg utbyte av kurset det deltek på. Viss vi ser at bornet bør flyttast til eit høgare eller lågare nivå i løpet av dei fyrste kursdagane, vil føresette bli informert om dette.

Dersom bornet er van med å bruke symjebriller, naseklype eller flytereiskapar og kjenner seg trygg i vatnet med desse hjelpemidla, bør ein ta hensyn til at ingen av desse hjelpemidla blir nytta på kurs. For enkelte er det ein stor terskel å bli trygg i og under vatn utan hjelpemiddel, men vi ynskjer at borna som har vore på kurs med oss skal vere trygge på eiga hand slik at dei har kunnskapen og evnen til å redde seg sjølve om dei skulle hamne i vatnet uføresett utan hjelpemiddel.

Klikk deg gjennom fanene i menyen under for meir utfyllande informasjon om kursa.

Nybyrjaropplæring for born

For born tilbyr vi alle kursa i Norges Svømmeforbund sin kursstige for nybyrjaropplæring.

  • Vannmerket
  • Hvalmerket
  • Skilpaddemerket
  • Pingvinmerket
  • Selungenmerket

Varigheit

10 gonger, kvar kurstime er på 35 minutt.

Kapasitet

55 stk per kursrunde

Pris

1100 kr + 100 kr medlemskontingent

 

Benytt deg av nivåvelgjaren under for å finne rett kursnivå.

Trinn 1 - Vannmerket

WEB_Image Vannmerket - Ny 79831060

Denne delen av opplæringa har fokus på å gjere bornet trygg på å få vatn i andletet.

Delmål i løpet av kurset:

  • Bornet skal kunne "frakte" eit symjebrett som ligg i vassflata gjennom bevegelsar med armane, men utan å berøre brettet.
    Brettet må fraktast minst 5 meter.
  • Bornet står i hoftedjupt vatn og let ein partner sprute vatn på seg.
    Det er lov å late att augene, men ikkje snu seg vekk.
    Bornet må la seg sprute på i minst 15 sekund, og hendene skal ikkje haldast framfor ansiktet.

Dersom bornet synest dette er veldig skummelt, så er det god hjelp i å øve heime. Døme på heimelekse kan vere: øve på å få vatn i andletet i dusjen utan å halde hendene foran andletet eller snu seg vekk, øving i badekar med å halde pusten og leggje andletet i vatnet, osv. Foreldre kan hjelpe godt på framgangen her ved å ha fokus på å øve på dette på heimebane i løpet av kurset.

Trinn 2 - Kvalmerket

WEB_Image Hval - Ny 611077214

Denne delen av opplæringa har fokus på å gjere bornet trygg på å orientere seg under vatn. Det inneber hopping, dykking og øving på å opne augene og sjå under vatn.

Delmål i løpet av kurset:

  • Halde pusten, dykke hovudet under vatn og opne augene.
  • Halde pusten, dykke ned og hente gjenstandar på botnen av bassenget.
  • Halde pusten, dykke mellom beina på ein partner.
  • Halde pusten, hoppe frå bassengkanten og hente opp gjenstandar frå botnen av bassenget.

Trinn 3 - Skilpaddemerket

WEB_Image Skilpadde - Ny 1036495432

Denne delen av opplæringa fokuserer på å gjere bornet i stand til å flyte i ulike posisjonar på mage og rygg, og å kunne veksle mellom ulike posisjonar utan å kome ut av balanse.

Borna får oppdage korleis oppdrift fungerer og lærer seg å forstå at kroppen vil flyte opp når den er i vatn. Det er også spennande å leggje merke til flyteevna til ulike kroppsdelar, td. forskjellen mellom overkropp og beina og lære kvifor det er slik. Her er det viktig at bornet er trygg på å ha andletet i vatnet sidan flyting på magen krev at ein er komfortabel med å halde pusten og leggje andletet i vatnet.

Delmål i løpet av kurset:

  • Halde pusten og flyte på magen i linjehaldning.
  • Halde pusten og flyte på ryggen i linjehaldning, puste medan ein held seg flytande på ryggen.
  • Halde pusten og hoppe frå bassengkanten, flyt opp på magen i linjehaldning.
  • Hald pusten og flyt på magen i linjehaldning, dreie over på ryggen i linjehaldning og puste medan ein held seg flytande på ryggen.
  • Halde pusten og flyte, balansere på mage og rygg i linjehaldning med tilpassa pust.

Trinn 4 - PingvinmerketWEB_Image Pingvinen - Ny -1591241285

Denne delen av opplæringa fokuserer på det å ha framdrift i vatnet. Her må ein kombinere ferdigheitene ein har lært i dei tidlegare trinna, halde pusten, hopping og flyting for å klare å gli gjennom vatnet. Når borna meistrar i gli i linjehaldning på mage og rygg startar vi med å øve på beinspark i rygg og mageleie. Etter endt kurs skal bornet kunne skape framdrift i vatnet ved hjelp av beinspark på mage og rygg.

Delmål i løpet av kurset:

  • Gli på magen i linjehaldning.
  • Gli på ryggen i linjehaldning.
  • Gli i linjehaldning med dreiing frå mage til rygg, puste og så dreie tilbake på magen.
  • Gli med vekselbeinspark på magen i linjehaldning.
  • Gli med vekselbeinspark på ryggen i linjehaldning, puste og så dreie kroppen på magen i linjehaldning og utføre vekselbeinspark.
  • Hoppe uti på djupt vatn, flyte opp i linjehaldning på magen og utføre vekselbeinspark, dreie over på ryggen og utføre vekselbeinspark med tilpassa pust.

Trinn 5 - Selungemerket

WEB_Image Selungen - Ny 1128266440

Denne delen av opplæringa byggjer på alle ferdigheitene borna har lært på dei tidlegare trinna, og fokuserer på å lære dei framdrift med hjelp av armane.

Her arbeider vi med vannfølelsen, det å kjenne trykk og motstand i vatnet for å lære å få godt "grep" i vatnet. Vi avanserer vidare frå hopping til stuping. Etter endt kurs skal bornet ha lært ei grunnform av ryggcrawl og magecrawl.

Delmål i løpet av kurset:

  • Sculling med vekselbeinspark på mage og rygg i linjehalding med rytmisk pusting.
  • Crawlsymjing utan pusting.
  • Crawlsymjing i linjehaldning med rytmisk pusting.
  • Ryggsymjing i linjehaldning med pusting.
  • Glistup frå bassengkanten direkte over i crawlsymjing med rytmisk pusting.

Påmeldingsvilkår

Ørsta Symjeklubb tek atterhald om at enkelte kursdagar kan verte avlyst grunna årsakar utanfor vår kontroll, som til dømes stengt basseng. Det vert ikkje sett opp ekstra kursdagar ved avlysingar sidan sesongen vår er såpass kort me ikkje har nokre ekstra dagar å benytte. Det vert heller ikkje refundert deler av kursavgift ved avlysing av enkelt kursdag. Avlysing vert varsla med både massemail og masseSMS.

Det er bindande påmelding til kurs. Betaling skjer ved nettbetaling. Kursavgift vert ikkje refundert ved uteblivelse frå kurs eller avmelding etter kursstart med mindre deltakaren kan framvise legeerklæring.

Klubben forbeholder seg retten til å endre kursdag/tid ved behov for å slå saman grupper grunna få påmelde. Klubben forbeholder seg også retten til å flytte born som er påmeldt feil nivå til meir passande kursnivå.

Påmelding

Påmelding til dei ulike kursa vi har skjer via portalen Tryggivann.

Du må registrere deg og lage ein brukar før du kan melde på til kurs. For å finne våre kurs må du søkje opp Ørsta Symjeklubb, men direktelenkja nedanfor tek deg direkte til vårt område på Tryggivann.

Dersom kursa er fulle, er det moglegheit til å setje seg opp på venteliste.

Dersom du treng brukarveiledning finn du det her: Opprette brukarkonto - Korleis melde på kurs - Min side

Gå til påmelding

Påmelding

Påmelding til dei ulike kursa vi har skjer via portalen Tryggivann.

Du må registrere deg og lage ein brukar før du kan melde på til kurs. For å finne våre kurs må du søkje opp Ørsta Symjeklubb, men direktelenkja nedanfor tek deg direkte til vårt område på Tryggivann.

Dersom kursa er fulle, er det moglegheit til å setje seg opp på venteliste.

 

Dersom du treng brukarveiledning finn du det her: Opprette brukarkontoKorleis melde på kursMin side

 

Gå til påmelding